Nær 200 menneske skal ha mista livet i samanstøyt mellom kristne og muslimske gjengar i Nigeria dei siste dagane. Innbyggjarane i byen Jos, som ligg midt i landet, fekk tysdag portforbod grunna uroa, melder NTB/Reuters. Ei kjelde i den største moskéen i byen opplyser at dei har motteke 156 drepne tysdag føremiddag og 36 drepne på ettermiddagen.

LES OGSÅ: 100 drept i moské

Sett fyr på kyrkjer. Samanstøyta mellom kristne og muslimar byrja sundag, da meir enn 40 menneske vart drepne. Så kom det nye samanstøytar tysdag.

Den nigerianske regjeringa valde å setje inn sikkerhetsstyrkar i eit forsøk på gjenopprette ro og orden. I tillegg vart det innført 24 timers unntakstilstand i byen.

Militæret har rykka inn, i samarbeid med politiet, for å normalisere situasjonen, sa Nigerias nasjonale sikkerhetsrådgjevar Saraki Murtar.

Drapsbølgja følgjer ei historie med valdelege spenningar mellom kristne og muslimar i landet.

Drapa skjedde i byen Jos. 200 muslimske ungdommar angreip kristne nær St Michaels katolske kyrkje, ifølgje lokale kjelder i Christian Solidarity Worldwide.

Menneskerettsorganisasjonen fortel at muslimske ungdommar samlast for å renovere eit hus nær kyrkja, eit hus som er eigd av ein mann skal ha drepe tre kristne i november 2008 i sekterisk vald i Jos, skriv Christian Today.

Men i staden for pusse opp huset, skal ungdommane ifølgje rapportane ha angripe ei kvinne som passerte forbi, før dei gjekk til angrep på kyrkja. Dei skal også ha sett fyr på fleire kyrkjer, hus og butikkar.

Dei kristne ungdommane svarte med eit motangrep. Dei sette fyr på ein moske, og snart var det vald også i andre delar av byen.

LES OGSÅ: Flere hundre drept i Nigeria

På kanten av stupet. På ein pressekonferanse sundag sa politisjefen i delstaten Plateau, Greg Anyanting, at valden vart starta av uprovoserte angrep på kyrkjegjengarar i St Michaels kyrkje. Det er den nigerianske avisa The Punch som skriv dette.

Nigeria er ein vestafrikansk gigant som vakla på kanten av stupet.

Nigeria er kampen for tilværet, seier seniorforsker i Fafo, Morten Bøås.

Han kjenner landet betre enn mange, og tekner eit bilete av eit splitta land med store oljeførekomstar og menneskelege ressursar og eit enormt styringsproblem.

LES MEIR OM BAKGRUNNEN FOR KONFLIKTEN I AVISA ONSDAG 20. JANUAR.
KJØP PDF HER .