Fleire skular i Storbritannia let muslimske familiar trekkje elevane ut av musikkundervisninga, jamvel om faget er ein del av den obligatoriske nasjonale fagplanen.
Dr. Diana Harris seier ifølgje avisa The Daily Telegraph at ho har gjesta skular der halvparten av elevane var fritekne for musikkundervisning under ramadan, den islamske fastemånaden. Harris er lærar ved Open University.
Skulelova krev at elevane skal ta del i alle fag. Dei einaste faga det er fritaksreglar frå, er seksualundervisning og religion.
Men ifølgje Harris vert det i ei rad tilfelle sett mellom fingrane med dette. I ein grunnskule i London vart 20 elevar fritekne frå ein julemusikal, og ei fem år gammal jente er friteken permanent frå all musikkundervisning.
Opplysningane kom fram i ei undersøking som er gjort av BBC London News.
Eileen Ross som leier ein grunnskule i eit område der nær tredjeparten av elevane kjem frå somaliske familiar, seier at somme foreldre «ikkje ønskjer at barna skal spele musikkinstrument, og dei har ikkje musikk i heimen».






