Denne kåringa av USAs vakraste kvinne har utløyst strid. Men mange muslimar er glad for sigeren, melder Religion News Service, attgjeve i Ecumenical News International.
I Europa har debatten om muslimske kvinner dei siste månadane handla om burka, hijab og undertrykkande bruk av heildekkjande klesplagg.
Mange har fått inntrykk av at muslimske kvinner dekkjer til nærast kvar einaste millimeter av kroppen.
I USA har i det minste Rima Fakih overraska mange. 16. mai blei ho kåra til Miss USA, som den første muslimske kvinna til å vinne denne prisen og få denne rolla.
I august skal ho representere USA i Miss Universe. Ho stilte i ein gullbikini i symjedelen av kåringa.
– Det er semje blant muslimar om at dette ikkje er den tradisjonelle islamske måten å kle seg på, seier Shahed Amanullah. Ho er redaktør for AltMuslim.com, ei nettside for nytt og kommentarar.
– Men på sin underlege måte er dette framgang, legg ho til.
Mange muslimar er mot kåringar av vakre og lettkledde kvinner. Men andre muslimar hyllar Rima Fakih for å fremje amerikansk-muslimsk integrering som øydelegg det stereotypiske biletet av den tildekte og undertrykte muslimske kvinna.
Rima Fakih er arabar. Ho vart hylla som føregangskvinne og for å skape historie. Men kritikarane, som Mohammad Sagha meiner denne kåringa er eit steg i fei retning når det handlar om integrering.
– Det er ikkje «venleiks»-konkurransar som viser den amerikanske identiteten vår, den er mykje djupare enn det. Det som gjer oss til amerikanarar er trua vår på individuelle rettar, fridom og talefridom, mellom mykje anna, skriv Sagha.
Sagha meiner Miss USA-vinnaren ikkje er eing od rollemodell for amerikanske muslimar.
– Frå eit islamsk perspektiv meiner eg at overflatiske attributtar ikkje skal vere standard for eins menneskeverd, meiner Sagha som legg til:
– Ein rollemodell er ein som er verdig, moralsk rettferdig og som alltid er villig til å hjelpe folk rundt seg. Å sjå vakker ut er ikkje ei positiv framtoning.






