Fleirtalet av amerikanarar meiner at media i USA brukte altfor mykje tid og spalteplass på prinsebryllupet i Storbritannia og på at president Barack Obama offentleggjorde fødselsattesten sin.

Det viser tal frå Pew Research Center.

SE BILDESERIE FRA PRINSEBRYLLUPET

Nær to tredelar (64 prosent) seier at amerikansk presse gav for stor plass til bryllupet mellom Kate og prins William 29. april. 54 prosent meiner det vart for mykje mediasøkjelys på at Obama offenteggjorde fødselsattesten sin. Obama gjorde det etter at republikanaren David Trump i månader har hevda at Obama ikkje er fødd i USA, noko ein amerikansk president må vere.

1006 vaksne var med i undersøkinga som blei gjort mellom 28. april og 1. mai. Undersøkinga blei gjort før amerikanske spesialsoldatar drap Osama bin Laden i Pakistan 1. mai.