Islam er den største religionen i Kasakhstan, men mange ulike religionar er representert i landet. Tidlegare i år har regjeringa vedteke lover som hemmar religionsfridomen. No har dei byrja å stengje ned kyrkjer, moskear og bønerom tilknytt landets fengsel, melder Forum 18 News Service.
– Årsaka er at kyrkjene og moskeane bryt byggjereguleringar og gjeldande føreskrifter, hevdar Aliya Kadenova i det kasakhstanske innanriksdepartementet.
Straffa for å be. I tillegg til å stengje dei religiøse bygningane, skal fengselsfangar ha blitt plassert i isolasjon av den løynde politistyrken KNB, som straff for å be muslimske bøner.
Muslimar har over 100 moskear eller bønerom i fengsla, og dei russisk-ortodokse kristne har 63 kyrkjer eller bønerom.
Hastevedtak. Tidlegare i haust vart to lover som avgrensar religionsfridomen vedteke i all hast, trass store protestar frå menneskerettsforkjemparar, Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE) samt mange religiøse grupperingar i Kasakhstan.
Den fyrste lova gjer det mellom anna straffbart å drive uregistrert religiøs aktivitet, opnar for religiøs sensur og gjer det vanskeleg å få byggjeløyve til religiøse bygningar. Den andre lova inneheld ni mindre, tekniske endringar.
Avdelinga for demokratiske institusjonar og menneskerettar i OSSE uttrykte i etterkant vonbrot over at den kasakhstanske presidenten Nursultan Nazarbaev valde å signere dei nye lovene.






