I eit forsøk på å stoppe hinduar i å bli kristne i den indiske delstaten Bihar, angreip ein 25 år gammal mann sist søndag ei kyrkje med ei bombe. Han skaut også pastoren som vart frakta til sjukehus kritisk skadd, men han er utanfor livsfare.

LES OGSÅ: Fortsatt på flukt i India

Ville drepe. Politiinspektør Hari Krishna Mandal fortalde Compass Direct News, som samlar informasjon om forfølgde kristne, at angriparen kom for å drepe pastoren, Vinod Kumar, for deretter å ta sitt eige liv.

Kyrkja ligg i Rohta-distriktet. Kyrkjegjengarar klarte å overmannen angriparen før han fekk gjere meir skade og før han fekk prøve å ta sitt eige liv.

Avisa The Times of India skriv at fire vart skadde.

Til sjukehus. Den 35 år gamle pastoren vart frakta til eit sjukehus i nabodelstaten Uttar Pradesh, opplyser ein leiar i misjonsorganisasjonen Gospel Echoing Missionary Society (GEMS), melder Compass.

Kyrkja, Prarthana Bhawan (Bønehuset), høyrer til GEMS. Kring 30 menneske var i kyrkja då angrepet kom, skriv Compass. Times of India opplyser at 70 menneske var i kyrkja.

Angriparen kasta ei bombe gjennom eit vindauga i kyrkja. Eksplosjonen skapte kaos. Då kyrkjegjengarar flykta ut av kyrkja, kom angriparen og skaut pastoren med ein heimelaga pistol på kloss hald.

Angriparen hadde fleire bomber og tre nye skot i pistolen då han vart lagt i bakken, opplyser politiet.

Angriparen har i avhøyr sagt at han er mot at folk går over til kristendommen og at han ønskte å drepe pastoren for å stogge denne verksemda.

Hinduekstremistar. Politiinspektør Mandal avviser ifølgje Compass at det er hinduekstreme grupper i området. Compass Direct News skriv for sin del at kristne i området seier at det er slike grupper aktive. Ei kjelde i GEMS opplyser at ei nasjonalistisk hindugruppe skal ha sendt eit trusselbrev til pastoren og bede han om å stogge forkynninga i området.

Angrepet kan også ha samanheng med at ein hindu-familie i ein nabolandsby nyleg tok imot Jesus etter å ha blitt lækt for psykisk sjukdom. Men pastor Kumar som vart skoten, skal ikkje ha gjesta den aktuelle landsbyen på grunn av motstand mot at familien konverterte til kristendommen.

LES OGSÅ: Fordømmer religiøs vold i India

Få kristne. Pastor Kumar var gift og hadde tre barn.

Storparten av dei 82 millionar menneske i Bihar er hinduar. Berre vel 53.000 er kristne, ifølgje ei folketeljing frå 2001.

Får ikkje vern. Norsk Misjon i Øst er blant dei som følgjer angrepa på kristne i India.

«Hadde det som skjer med kristne i India, skjedd i et vestlig land, ville media og nyheter vært på pletten og gitt massiv dekning av hendelsene. Tragedien ville også mobilisert for aksjoner og politiske kampanjer. Vi er derfor enige med den fremstående indiske menneskerettighetsforkjemperen Joseph Dsouza som utrykker harme og fortvilelse, ikke bare over den indiske regjerings manglende vilje til å beskytte sin egne borgere mot den politiske volden fra hindu-ekstremistene, men også verdenssamfunnets apati i forhold til utviklingen i India», skriv generalsekretær Bjørn A. Wegge.