– I 2003 hadde berre 50.000 afrikanarar fått medisinar mot HIV, og dei måtte sjølv betale for hjelpa. I dag får 1,3 millionar gratis legemiddel. USA bidreg også med ein tredjedel av pengane til det globale fondet mot AIDS, tuberkulose og malaria, fortel mannen bak Live Aid og Live 8.
5, 2 millioner myggnett. Bush kunngjorde på ei reise til Afrika at han vil løyve ytterlegare 350 millionar dollar i arbeidet mot forsømte sjukdommar som lett kan bli gjort noko med. Blant anna skal 5,2 millionar myggnett bli delt ut til barn i Tanzania, skriv Times.
Dette kjem fram etter at presidenten nyleg var på ein sjudagars tur til Afrika saman med musikar og humanitærforkjempar Bob Geldof.
Har redda mange liv. Geldof er nøgd med Bush-initiativet, og meiner presidenten allereie har redda millionar av liv frå aids. Men han undrar seg over kvifor så få får vite noko om det.
– Bush-regimet har vore splitta, men ikkje i Afrika, konkluderer Geldof.
Les meir i dagens papirutgåve.






