Men han får ikkje lov å filme i Peterskyrkja. Vatikanet seier nei etter råd frå den katolske biskopen i Sverige, Anders Arborelius.
Opplysningane om filmnekten kjem frå Studio ett i den svenske rikskringkastinga. Peterskyrkja hadde sagt ja, men dreg inn løyvet, skriv avisa Sveriges Radio i nettutgåva si. Der heiter det at det er uklart kvifor dette har skjedd.
Stadfestar. Maria Hasselgren, pressetalsmann i Stockholms katolske stift, avviser at biskop Arborelius har kontakta Vatikanet.
Han har berre sagt at han ikkje kan støtte at Jonas Gardell kan få filme i Peterskyrkja, seier Hasselgren til programmet Studio ett i svensk fjernsyn.
Ho avviser at dette har med den homofile legninga til Gardell å gjere. Det handlar om Gardells «usaklege kritikk» mot den katolske kyrkja, ifølgje Hasselgren.
Ikkje sakleg. Han er ikkje interessert i å føre ein sakleg debatt, og då blir det svært kunstig dersom vi skulle støtte at han fekk filme frå dei heilage stadene våre. Skulle jødane sleppe representantar for Sverigedemokratane inn for å lage reportasje frå synagoga? Det har eg svært vanskeleg for å tru, seier Hasselgren til Studio ett.
Gardell er i Italia for å filme. Han seier at den katolske kyrkja prøver å stogga det frie ordet, skriv den svenske avisa Dagen i nettutgåva si.






