Skjelvet ramma då kyrkja, som ligg i Port-au-Prince, var fullstappa av folk. Ein amatørvideo viser støv som virvlar rundt sjokkerte overlevande rundt betongrestar av den knuste kyrkja.

Her kan du sjå amatørvideoen.

Videoen vart teken av ein brasiliansk FN-soldat med mobiltelefon. FN-soldaten hadde følgd ein brasiliansk gjest som helsa kyrkjelyden då jordskjelvet la kyrkja i grus, slik at berre Jesus på krossen stod att ved ruinane.

LES OGSÅ:

Carolas fadderbarn overlevde skjelvet

Hjelpe. Frå før veit vi at den katolske katedralen i Port-au-Prince vart knust av skjelvet. Også katedralen i Jacmel vart øydelagd saman med «minst fem» andre større kyrkjer, mange mindre kyrkjebygningar, to viktige teologiske seminar, mange konvent og skular og ein katolsk radiostasjon, melder Catholic News.

Løfte. Presidenten for bispekonferansen i USA har lovd Haitis episkopale konferanse å hjelpe til med på gjenoppbyggje kyrkjene som vart øydelagde i jordskjelvet.

LES OGSÅ: Overlevende samlet i gudstjeneste: Kjemper med traumer og sorg

Kardinal Francis George, erkebiskop i Chicago, har skrive brev til erkebiskop Louis Kebreau.

Sorg. - Eg ønskjer å uttrykkjer vår djupe sorg og djupaste kondolansar for den fryktelege tragedien som har ramma vårt kjære land, skreiv kardinalen på vegne av dei amerikanske biskopane.

Han uttrykkjer også sorg for alle dei prestane og lærararane ved seminar og alle kyrkjefolk elles som omkom, melder nettstaden Zenit.

LES OGSÅ: Bøn og sang i knust katedral

- Kyrkja i USA er forplikta til å gjere alt vi kan for at de skal kunne byggje opp att og ta til på nytt slik at de kan leve i tru og teneste for Haiti, skreiv han.

LES OGSÅ:

Se bildene: Haitis erkebiskop begraves

Gjenoppbyggje. Han forsikrar at etter at den mest nødvendige nødhjelpa er inne, vil kyrkjene også hjelpe til med å gjenoppbyggje kyrkjer og andre bygg som samlar til bøn og utdeling av sakramenta.

Han gjorde det klart at det er sett i gang ei innsamling til dette føremålet. Innsamlinga skjedde i alle bispedømme sist helg.

LES OGSÅ:

Begravet haitisk kirkeleder

Ikkje åleine. - Vi vil gjere alt vi kan slik at de klart skal sjå at de ikkje er åleine. Og vi vil vere her for å hjelpe dykk, skreiv kardinalen.

LES OGSÅ: Overlevende samlet i gudstjeneste: Kjemper med traumer og sorg

Gjenoppbygginga av kyrkjer og andre kyrkjelege bygningar vil ta mange år, seier erkebiskop Jose H. Gomez av San Antonio, han leier USa-biskopane sin underkomite for kyrkjene i Latin Amerika.