Likestllingsminister Harriet Harman let vere å ta ein konfrontasjon med britiske kyrkjeleiarar om kven kyrkjesamfunna skal kunne tilsetje.
Tysdag kom angrepet frå pave Benedikt XVI på mellom anna den nye likestillingslova. Han ba biskopane sine «forsvare trua» i møte med det han ser som nye religionsfiendtlege lover.
LES OGSÅ:
Liknar norsk strid. Den nye likestillingslova som er i ferd med å passere parlamentet, liknar striden i Noreg om kva fridom kyrkjesamfunn og organisasjonar har til å tilsetje kven dei vil.
Harman har vore i ein lengre diskusjon med kyrkjer og religiøse organisasjonar om unntaket deira frå antidiskrimineringslova og korleis den skal påverke «ikkje-religiøse stillingar», skriv avisa The Times i nettutgåva si.
Tapte og gir seg. Denne diskusjonen førte til at regjeringa tapte i Overhuset sist veke. Men det var venta at Harriet Harman ville ta opp at dette tillegget til lova, eller ein liknande paragraf.
Tillegget klargjorde at kyrkjer og trussamfunn er unnatekne frå lova når dei tilset prestar eller andre i «religiøse» stillingar, men at dei må rette seg etter lova når dei tilset folk i «ikkje-religiøse» stilliingar.
Pavebesøk. Ifølgje avisa har dette vore lovkrav sidan 2003, men er blitt oversett av kyrkjelege arbeidsgjevarar. No seier Harman at ho ikkje vil ta opp att forslaget sitt. Ho nemnde ikkje paven, men utsegna vert oppfatta som at ho ikkje vil la denne diskusjonen overskygge gjestinga frå Vatikanet.






