Organisasjonen Release International har undersøkt lagnaden til muslimar som konverterer til kristendommen i Egypt.
Ei muslimsk kvinne som vart kristen, fortel til Release at ho vart kidnappa av slektningane sine. Dei drog ut neglene hennar for å få henne til fornekte den nye trua, ifølgje rapporten som Christian Post offentleggjer.
Mary, som ikkje er det verkelege namnet hennar, arbeider i løyndom med å hjelpe kvinner i ein liknande situasjon som henne sjølv.
- Dei torturerte meg, drog ut negler og brende meg, men Gud gav meg ein veg ut, seier ho.
Ho vart kristen som 21-åring. Ho måtte forlate familien og ta til takke med å leve i gatene. Kristne som ho møtte, mistenkte henne for å vere ein spion og ville ikkje inkludere henne. Ho seier at somme prestar til og med bad henne vende attende til islam.
Ein ortodoks prest tok seg derimot av henne og let henne møte andre konvertittar for første gong.
Tryggingspolitiet vart merksam på kvinna og informerte familien om at ho var blitt ein kristen aktivist. Det var då familien, ifølgje kvinna, kidnappa henne og torturerte henne før ho vart i stand til å rømme, heiter det.
Dette er ein ny rapport i serien om vanskelege kår for kristne i Egypt. Medan denne rapporten handla om kristne konvertittar, kjem det også nye rapportar om angrep på koptiske kristne. Bak desse åtaka står ekstreme muslimar.
Koptarane reknar seg som dei opphavlege egyptarane, før arabiseringa av landet då muslimane kom på 600-talet.
Fredag sist veke vart 23 koptiske kristne skadde av muslimske ekstremistar etter eit åtak på eit kyrkjeleg senter. Det opplyser ein egyptisk biskop.
Åtaket kom etter at ein radikal sjeik hadde halde tale under fredagsbøna. Åtaket vart i 10 timar før tryggingsstyrkar kom til og fekk stogga dei aggressive, skriv Christian Post.
Ekstremistane kasta brannbomber på eit koptisk senter og på heimar ved sida av i Marsa Matruh, ein kystby i det nordlege Egypt.
Ifølgje egyptiske talsmenn var angriparane sinte på grunn av eit nytt gjerde som var bygt rundt kyrkjesenteret.






