Etter at rektor Sigmund Grønmo opna for diskusjon om akademisk boikott av Israel, får han motbør av ein førsteamanuensis og ein professor.

Grønmo sa at initiativet måtte komme nedanfrå og at han ikkje hadde planar om å føreslå det.

LES OGSÅ: Universiteter åpner for Israel-boikott

Førsteamanuensis Jan Oskar Engene stør seg til statsråd Tora Aasland som har sagt at ein akademisk boikott av Israel er i strid med den akademiske fridommen.

Er det slik at rektor held på at styret ved Universitetet i Bergen skal kunne instruere sine tilsette om kven dei på politisk grunnlag ikkje kan samarbeide fagleg med? spør Engene i eit innlegg i nettavisa for Universitetet i Bergen.

LES OGSÅ: Thon kuttar støtte til NTNU etter krav om Israel-boikott

Han spør også om det er universitetet si haldning at akademisk fridom berre skal gjelde for «institusjonen» og ikkje for den enkelte vitskaplege tilsette?

Professor emeritus Jan Mangerud meiner akademisk boikott er ein svært dårleg reaksjonsform. Han skriv også at dei som vil starte med akademisk boikott, i så fall burde starte med Kina som har undertrykt og drepe folk i Tibet.

I Israel er det i alle fall ein aktiv og ikkje minst tillaten opposisjon, skriv Mangerud.

I rette. Også stortingsrepresentant Hans Olav Syversen (KrF) går i rette med rektoren i Bergen.

Det er påfallande at rektor ved Universitet i Bergen (UiB) no opnar for ein diskusjon om universitetet bør ha ein akademisk boikott av Israel. NTNU i Trondheim styrebehandla noko liknande i fjor haust og fann at det gjekk i mot norsk lov, seier stortingsrepresentant Hans Olav Syversen (KrF).

Det er tydeleg at Israel er ei særskilt skyteskive frå einkelte akademiske miljø. Nå er det på tide å føreta ei opprydding og let vere å misbruke lærestadene som arenaer for personlege politiske standpunkt, seier Syversen.