Det er heftig debatt i Saudi-Arabia om det skal innførast ein minimumsalder for ekteskap.

Somme krinsar i kongedømmet har brukt profeten Muhammeds ekteskap med ei ni år gammal jente for å rettferdiggjere at barn også i dag kan giftast bort til menn på både 60 og i dette tilfellet 80 år.

Men saka til 12-åringen vekte internasjonal oppsikt. Og den statlege menneskerettskommisjonen oppnemnde advokat som kunne føre saka hennar.

LES OGSÅ: 8-åring gift med 60-åring

Jenta sjølv er etter all ståheien blitt samd med familien om at ho får skilje seg frå 80-åringen. Ho har difor droppa rettssaka for å få ekteskapet omstøytt.

Men debatten held fram. Tre komitear av ekspertar er oppnemnde. Medisinske ekspertar, barnepsykologar, sosialarbeidarar og islamske lærde skal diskutere saka dei komande månadane og presentere funna sine i ei offentleg høyring, melder den engelske avisa The Times i nettutgåva si.

Deretter skal menneskerettskommisjonen og justisdepartementet lage nye retningsliner og venteleg føreslå ein minstealder for første gong i historia.

– Hovudsaka er å hindre at slike tilfelle skal skje igjen, seier ein advokat i menneskerettskommisjonen, Alanoud al-Hejalin.

Han trur den offentlege opinionen vil stø ein slik minstealder, sjølv om det vil vere ein viss motstand.