Saka kan bli testsak som kan føre til forbod i Saudi Arabia mot at barn skal giftast vekk, skriv den engelske avisa Times i nettutgåva si.
Den statlege menneskerettskommisjonen i landet har hyra inn ein advokat for å representere jenta når ho tek saka til retten i Buraidah. Det er ein konservativ by nær hovudstaden Riyadh.
Saudi Arabia har ikkje minstealder for lovlege giftemål, og bortgifting av ungjenter er vanleg i fattige stammeområde. Men det er høgst uvanleg at ei barnebrud utfordrar ekteskapet. Eit framlegg om å forby barnegiftemål er under diskusjon.
Jenta vart mot sin vilje og mot moras vilje gift med fetteren til faren i fjor. Mora til jenta kravde skilsmisse, men drog utan forklaring tilbake saka i januar, skriv avisa.






