Dersom den israelske regjeringa bestemmer seg for å tømme nye område for jødiske nybyggjarar, kan det bli ein omfattande konflikt med nybyggjarane, inkludert med skarpe våpen, melder den israelske avisa Haaretz.
Slik lydde åtvaringa frå sjefen for det israelske overvakingspolitiet, Shin Bet, under ein regjeringskonferanse i Jerusalem søndag, melder den. Yuval Diskin, som er Shin Bet-sjefen, sa at det er ei djup kløft mellom det sekulære og det religiøst-baserte samfunnet, og ikkje berre på Vestbreidda.
Diskin sa at situasjonen er mykje meir tilspissa no enn i 2005 då Israel trekte alle soldatar ut av Gaza og fjerna alle settlarar. Også då vart det uttrykt frykt for vald på Vestbreidda.
Regjeringa bestemte seg i møtet for å stoppe all støtte, direkte og indirekte, til illegale utpostar rundt busetnadene
Sterk vilje. Han seier at overvakingspolitiet har funne ein svært sterk vilje til å bruke vald ikkje berre steinar, men skarpe våpen for å hindre eller bremse ein dilpmatisk prosess som inneber at Israel gjev opp område der det i dag er busetnader. Med alle middel vil busetjargrupper hindre at folk vert fjerna.
Åtvaringa kjem få dagar etter at to TV-kanalar stoppa intervju med Yigal Amir som i 1995 drap statsminister Yitzhak Rabin. Yuval Diskin sa det ikkje klart, men Haaretz skriv at Shin Bet også førebur seg på nye forsøk på politiske drap i Israel, skriv Haaretz. Tysdag 4. november er det 13 år sidan Rabin vart drepen.
«Satanisk». Statsråd Benyamin Ben-Eliezer brukte sterke ord i regjeringsmøtet. Han sa at setlarane «tenkjer annleis enn oss» dei tenkjer «messiansk, satanisk, mystisk og irrasjonelt».
No svarar Komiteen for settlarar i Samaria (det jødiske navmnet på den nordlegaste delen av Vestbreidda, Judea er den sørlege delen) med at statsrådar oppildnar til hat mot settlarane, skriv den engelskspråklege israelske avisa The Jerusalem Post.






