Tidlegare EU-kommisjonær Frits Bolkestein seier i eit radiointervju at jødar som lever ut sitt jødiske liv, som ortodokse jødar, ikkje har noka framtid i landet på grunn av anti-semittismen blant nederlendarar med marokkansk opphav. Og desse innvandrarane veks i tal.
Utsegnene i intervjuet i Radio Netherlands Worldwide vekte oppstand i Nederland tysdag, melder den franske avisa Le Monde.
Utsegnene kom opphavleg i ei bok israelaren Manfred Gerstenfeld gav ut: The Decay; Jews in a Rudderless Netherlands.
Han leier Jerusalem Center for Public Affairs. Bolkestein er tidlegare EU-kommisjonær og eks-leiar i Nederlands liberale regjeringsparti VVD.
Bolkestein seier at veksten i anti-semittiske handlingar i Nederland det siste tiåret har gjort at han har avgrensa tiltru til regjeringa si evne til å nedkjempe jødehatet.
Bolkestein seier også at han er «pessimistic med omsyn til den endelause konflikten mellom Israel og palestinarane, ein konflikt som nærer anti-semittismen».
Han seier ifølgje avisa DePers.nl at arabiske TV-sendingar også hissar opp jødehatet i Nederland.
Geert Wilders som leier det anti-islamske Fridomspartiet, har skrive på Twitter-kontoen sin at det ikkje er jødane, men dei anti-semittiske marokkanarane som bør flytte frå landet.
Kristendemokratane har teke til orde for eit toppmøte om kamp mot antismeittisme, eit møte som skal ha med både muslimske og jødiske organisasjonar, melder DeutchNews.nl.
Nederland var heimlandet til Anne Frank og familien hennar. Dei levde i løyndom i eit hus i Amsterdam til dei vart svikta og hamna i dødsleir.






