Dødstala etter fire dagar med samanstøytar mellom muslimske og kristne gjengar i den nigerianske byen Jos og lokalsamfunna rundt, har nådd 460.

Det er kjelder i moskeane og menneskerettsaktivistar som opererer med dette talet, ifølgje telegrambyrået Reuters. Seks militæravdelingar og hundrevis av politifolk vart onsdag stasjonerte rundt hovudstaden i delstaten Plateau i det sentrale Nigeria. Dei skal handheve portforbod døgnet rundt, skriv Reuters.

LES OGSÅ;:

Opptil 300 drept i sammenstøt i Nigeria

Gatene i byen er tomme, og butikkar er stengde. Valden har på grunn av militær- og politiinnsatsen stilna, og dette har gjort at moskeane har klart å frakte døde frå buområde like utanfor Jos inn til moskeane.

Ein moskéleiar, Muhammad Tanko Shittu, seier at dei fann 200 døde i moskeen i Kuru Gada Biu og 22 i eit anna område. Shittu organiserer massegravferder.

LES OGSÅ: Nær 200 drepne i kristen-muslimsk valdsbølgje i Nigeria

Brende lik, bygningar, kyrkjer og bilar pregar gatebiletet i Jos, ifølgje Reuters som såg at pansra bilar og soldatar patruljerte byen.

Amerikanske Human Rights Watch har opplyst at talet på kristne døde er 65.

Dei offisielle dødstala er langt lågare enn dei som vert opplyst frå moskear og menneskerettsaktivistar.

Ein talsmann for delstatsregjeringa seier at situasjonen no er under kontroll etter at militære og politi rykte inn. Troppane vart beordra inn tysdag for å hindre ei oppattaking av samanstøytane i november 2008 då hundrevis vart drepne i dei verste religiøse kampane på fleire år.

Human Rights Watch seier at 700 menneske vart drepne den gongen. Meir enn 100 innbuarar i Jos vart drepne i liknande kampar i 2001.