Nyheter

– Vi som parlamentarikere kan gjøre en forskjell

29 parlamentsmedlemar frå heile verda skreiv laurdag under på ei erklæring der dei forpliktar seg til å jobbe og samarbeide for å fremje trusfridom.

Erklæringa «Charter for Freedom of Religion or Belief» tek utgangspunkt i artikkel 18 i menneskerettslova, men har ein meir praktisk framgang, seier stortingsrepresentant for Venstre, Abid Raja.

– Vi har sendt brev til statsministeren i Pakistan og i Myanmar der vi ber om ein slutt på menneskerettsbrota i desse landa. Vi ber også paven ta initiativ til ein religionskonferanse for å få fortgang i dialogen, seier han.

LES OGSÅ: Samler folkevalgte til kamp for trosfrihet

Kan gjere ein forskjell

Raja er organisator og pådrivar, saman med blant anna den norske Stefanusalliansen. I Noreg vil han saman med Sylvi Graham (H) ta initiativ til ei parlamentsgruppe på Stortinget som løftar fram artikkel 18 og religionsfridom.

– Vi som parlamentarikarar kan faktisk gjere ein forskjell ved å løfte fram artikkel 18 i menneskerettslova, seier Sylvi Graham, og peikar på kor viktig religionsfridom er som grunnlag for fred.

Blant dei andre representantane frå Noreg var KrFs Knut Arild Hareide og Venstres Trine Skei Grande.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Historisk signering

Politikarane som fredag og laurdag var samla ved Nobels Fredssenter i Oslo for å diskuterte korleis ein i fellesskap kan kjempe mot aukande religiøs forfølging, representerer ulike religionar og politiske retningar.

De er parlamentarikarar frå blant anna Brasil, Burma, Canada, Nepal, Noreg, Storbritannia, Sør-Afrika, Tanzania, Tyrkia, Tyskland og Uruguay.

Underskrivinga av erklæringa var heller ikkje så alvorsprega som ein kanskje kunne tru. Det er nemleg historisk at så mange parlamentsmedlemer går saman for å fremje retten til tru og samvit, og blåse støvet av artikkel 18 i menneskerettslova.

– Trusfridom er ikkje berre viktig for kristne, men òg for muslimar og folk frå andre religionar, og også for dei som ikkje vil ha ei tru. Det er viktig for alle menneske å ha rett til å ha ei tru eller eit livssyn, å kunne praktisere si tru utan å bli forfølgd, og ha rett til å kunne skifte tru om dei skulle ønskje det, seier Ed Brown, Stefanusalliansens seksjonsleiar for menneskerettar.

Motstridande rettar

Eit av dei tema som parlamentsmedlemene diskuterte var motstridande rettar. Spørsmålet som vart reist var kva som skjer når retten til tru, retten til å ytre seg, og retten til å ikkje bli diskriminert kjem i konflikt med kvarandre.

– Det er ikkje vanskeleg, skyt Heiner Bielefeldt, FNs spesialrapportør for trus- og religionsfridom inn, til latter frå salen.

– I røynda er det vanskeleg, men i teorien er det enkelt, seier han og held fram:

– Du kan ikkje ha religionsfridom utan ytringsfridom og motsett. Hatefulle ytringar i religionens namn er ikkje ein del av ytringsfridomen. Den beste reaksjonen på hatefulle ytringar er ikkje restriksjonar, men positive ytringar, avsluttar den tyske FN-representanten.

Positive opplevingar

Ed Brown frå Stefanusalliansen avsluttar spørjerunden med å be parlamentsmedlemene fortelje ei positiv oppleving knytt til religionsfridom frå sitt eige land.

Historiene kjem på rullande band om kristne og muslimar i same nabolag som støttar kvarandre, og om spesielle handlingar som fremjer religionsfridom og toleranse.

Konklusjonen frå panelet er klart: Den «tause majoriteten» må bruke sin ytringsfridom til å svare på hat med kjærleik og fremje religionsfridom.

Les mer om mer disse temaene:

Kristelig Pressekontor

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter