Nyheter

«Sterk tillit - svakare kontroll»

I kristlege organisasjonar er viljen til å vise folk tillit sterk, medan viljen til å drive kontroll er langt svakare, seier økonomiprofessor. Granskingsrapport kritiserer Betanien-styret.

– Mange styremedlemmer har brennande hjarte, dei vil vere med å skape noko, byggje noko. Jobben som kontrollør er mindre etterspurt, seier Roy Mersland. Økonomiprofessoren ved Universitetet i Agder har både forska på økonomi og forvaltning i kristlege organisasjonar, og jobba i slike.

Han understrekar at tillits-analysen ikkje er tufta på nærgåande kjennskap til Betanien-skandalen.

– Kristelege organisasjonar er gode forvaltarar. Men på generelt grunnlag kan eg seie at ansvaret det einskilde styremedlem har, bør få større merksemd, seier Mersland.

LES MER: Prest underslo 15 millioner – brukte mesteparten på fester med prostituerte

Får kritikk

Etter at tidlegare dagleg leiar i Stiftelsen Betanien Bergen, Are Blomhoff, vedgjekk millionunderslag hausten 2012, hyrte styret i stiftinga inn revisjons- og rådgjevingsselskapet BDO for å få gjennomført ei ekstern granskinga av underslaget. I sluttrapporten får styret kritikk:

«(...) styrets manglende fokus på risikovurdering og internkontroll fremstår som uheldig», lyder konklusjonen.

Men BDO meiner ikkje styremedlemmene må stillast til ansvar for tapa som Blomhoff har påført stiftinga.

LES MER: Leverte medaljen tilbake til Kongen

Sexfestar i Spania

Tysdag vedgjekk Are Blomhoff, i Drammen tingrett, at han har underslege 15,8 millionar frå stiftinga – og at brorparten er brukt på festar med prostituerte i Spania. Rettssaka gjekk som ei tilståingssak.

Bergens Tidende rapporterte følgjande frå tilståingssaka i Drammen tingrett:

– Jeg forstår det slik at det alt vesentligste har gått til fest og moro? spurte dommeren.

– Ja, det er ingen midler igjen, for å si det slik, svarte Blomhoff.

LES MER: Tidligere prest vil tilstå Betanien-underslag

Ser på rutinar

Stiftelsen Betanien Bergen er ei sjølvstendig og sjølveigande stifting, oppretta av Metodistkirken i Norge. Difor har ikkje hovudstyret i kyrkjesamfunnet juridisk mynde over styret i stiftinga.

– Vi kan ikkje skifte ut styret i Betanien. Men vi kan gje sterke signal, og vi har merka oss kritikken i BDO-rapporten, fortel hovudstyreleiar i Metodistkirken, Per-Endre Bjørnevik.

Han vedgår at økonomiprofessor Mersland har eit poeng når han snakkar om «sterk tillit, men svakare kontroll»:

– Vi skal sjå nærare på våre rutinar for styrearbeid, fortel Metodistkirkens fremste tillitsvalde.

I fjor uttrykte hovudstyret i kyrkjesamfunnet at dei hadde tillit til Betanien-styret, og at dette styret ville klare å rydde opp i underslagsskandalen.

LES MER: Brukte 11 måneder på å anmelde prest for underslag

Hadde stor tillit

I 2001 etablerte Stiftelsen Betanien Bergen sjukeheimen Fundación Betanien i Alfaz del Pi i Spania. Blomhoff klarte å tappe stiftinga ved at han fekk overført pengar til ein fiktiv vedlikehaldskonto som var knytt til sjukeheimen, og som han disponerte og kjente til. Han vedgår at underslaget strekkjer seg over ein periode på sju år, 2005-2012.

Om tillit seier BDO-rapporten følgjande:

«Etter BDOs vurdering bærer stiftelsens organisering og internkontroll preg av at daglig leder har nytt stor tillit blant styret og ansatte i stiftelsen og således hatt vide fullmakter. (...) og styret har blant annet ikke utført oppgaven som tilligger dem etter vedtektene om å motta og godkjenne regnskapet til Fundación Betanien.»

BDO skriv at styremedlemmene i Betanien ikkje hadde «tilstrekkelig kunnskap om at virksomheten i Spania var en del av Stiftelsen» før underslaget blei kjent.

LES MER: Krever 28 millioner fra prest etter underslag

Overførte pengar

Blomhoff instruerte tilsette i Stiftelsen Betanien Bergen til å overføre pengar til Spania. Her tok han ut store summar i kontantar.

I retten fortalte den tidlegare diakonale leiaren at han hadde arrangert store fester med prostituerte i Spania. Festdeltakarane hadde sex med kvinnene Blomhoff betalte for. Prisen skal ha vore mellom 1.000 og 1.500 euro per kvinne for éin fest.

LES MER: Slottet skal vurdere fortjenstmedaljen til underslagssiktet prest

BDO-rapporten fortel at Blomhoff kjøpte ein bustad i Spania i 2001 delvis med pengar han tok frå stiftinga.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Pengar på bok. Den diakonale Stiftelsen Betanien Bergen blei etablert i 1973 av Metodistkirken, og driv sjukehus, sjukeheim, barnehage og høgskule i vestlandsbyen. Totalt har stiftinga nær 500 tilsette. Økonomien er god, sjølv om resultatet før skatt dei siste åra har variert frå 14,6 millionar kroner i pluss til 8,5 millionar i minus. Stiftinga har godt med pengar på bok, vel 120 millionar kroner.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter