Nyheter

Soldatar skrotar fellesbønn

Norske vernepliktige vil som første Nato-land ha slutt på fellesbønn og fellesgudstenester. Feltprest meiner det kristne fleirtalet i Forsvaret vil bli frårøva sine ritual.

Ut med felles feltgudsteneste, felles kyrkjeparade og bønn på linje, lyd forslaget frå soldatane sitt landsstyre.

Onsdagens møte på Kjevik i Kristiansand innehaldt ein brennheit debatt om kva plass dei kristne rituala skal ha i Forsvaret. Utfallet falt feltprest Knut Holm tungt for hjartet.

– Den nye praksisen vil bli meir ekskluderande enn dagens ordning med religiøse ritual, seier Holm.

Men landstillitsvalde Grunde Almeland er svært nøgd med konklusjonen.

– Det er viktig at vi har teke denne vanskelege debatten og konkludert, seier han glad.

LES OGSÅ: Soldatleder vil ha korset ut av Forsvaret

Ut med fellesgudstenester. I vedtaket krev soldatane at Forsvaret ikkje legg opp til religions- og livssynstilknytta aktivitet der den enkelte aktivt må signalisere at han eller ho ikkje ønskjer å delta.

– Vi krev at feltgudstenester skal bli erstatta av ein livssynsnøytral seremoni. Det betyr ikkje at det skal bli slutt på feltgudstenester, men at feltgudstenester ikkje skal kunne vere hovudsamlinga. Dei som ønskjer feltgudsteneste skal likevel kunne oppsøke det, seier soldat Almeland.

Men «bønn på linje» må det bli heilt slutt på. Ritualet går til dømes ut på at det under oppstilling blir lese frå Bibelen og bede Fadervår, noko som Almeland meiner er ekskluderande.

Når 100 soldatar står på linje, er det vanskeleg å vere den eine som ber om å få tre av for å sleppe å be. Dette bryt med prinsippet om å vere inkluderande.

Frårøving. – Nokre vil hevde det, repliserar feltprest Holm.

– Men fleirtalet ynskjer desse rituala og sjølv om fleirtalet ikkje skal diktere mindretalet så blir dei frårøva sine samlingar, legg han til.

– Dette ritualet er ganske spesielt i og med at du blir beordra til å stille opp. Vi meiner ikkje at alle religiøse ritual skal vekk. Feltgudstenestene kan halde fram, men ikkje som standar.

Kristent fleirtal. Feltpresten viser til at blant dei som i år avtener førstegongsteneste er 83 prosent døypte medlemmer i Den norske kyrkja. I tillegg tilhøyrer 10 prosent frikyrkjelege samfunn.

– Sjølv om fleirtalet er stort, blir det no vanskeleg å gjennomføre samlingar som ikkje ekskluderar nokon, seier presten.

Forslaget frå soldatanes øvste organ kan bli overstyrt av den militære og politiske leiinga i Forsvaret.

– Men kva 10.000 som er inne til førstegongsteneste meiner utgjer ei solid stemme. Det bør bli lytta til, seier soldatleiar Grunde Almeland.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter