Nyheter

Salmemaraton vant TV-pris

– Det var modig av NRK å satse på noko slikt, seier programleiar.

– Vi er veldig stolte, og vi synest det er modig av NRK å satse på noko slikt. Vi hadde ikkje trudd det skulle treffe folk så godt som det gjorde. 17 000 menneske var innom Vår Frue kyrkje, sa programleiar Camilla Tjønn Thingvoll i takketalen sin, ifølge NRK.

Beste TV-program

«Salmeboka minutt for minutt» vart heidra med pris for beste TV-program under Ut-Awards i Trondheim tysdag 27. januar. Det er Adresseavisen som står bak utdelinga, melder Den norske kyrkja.

Salmebokmaraton-sendinga var eit samarbeid mellom NRK, Kyrkjerådet, Korforbundet i Trøndelag, Kirkens Bymisjon og Kirkesangforbundet. Kor og solistar frå heile landet deltok i framføringa av dei 899 salmane, som resulterte i 60 timar med direktesendt TV.

Stor suksess

Heile 2,2 millionar sjåarar fekk med seg deler av sendinga. I tillegg var emneordet #nrksalme det mest brukte på Twitter helga 28. november til 30. november.

– Når nesten halve Norge har sett på salmesong-sendinga, fortel det noko om kor langt salmane når ut til folket, sa Vidar Kristensen, prosjektleiar for den nye salmeboka i Kyrkjerådet, då sjåartala var klare.

Salmeboksendinga fekk også åtgaum i utlandet. Media frå Tyskland, USA, England og Sør-Korea omtalte NRK-sendinga.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter