Nyheter

Rektor fjerna dei ti boda - nå krev foreldra dei tilbake

Rektor fjerna plakat med dei ti boda frå klasserom, sjølv om han var godkjent av Fylkesmannen. Opprørte foreldre krev boda tilbake.

Reaksjonane er mange og sterke etter at rektoren på ein barneskule på Sørlandet fjerna dei ti bod frå veggen. Han reagerte etter at tilfeldig gjest vitja Øyslebø oppvekstsenter, tok bilete av plakaten og klaga til Fylkesmannen i Vest-Agder. Avisa Fædrelandsvennen fortel at plakaten med boda hadde hengt oppe i 30 år.

Fylkesmannen bad rektor om forklaring på kvifor boda hang i klasserommet. Då rektor svarte at det var ein plakat på linje med alle andre plakatar og at den ikkje vart brukt forkynnande, svarte Fylkesmannen at plakaten ikkje braut opplæringslova.

Berre dekorasjon. - Eg ville helst lete han henge. Det er jo ikkje forkynning, meir ein dekorasjon på line med alle andre plakatar vi har hengande, seier rektor Karen Martinussen ved grunnskulen i Øyslebø til Fædrelandsvennen.

– Er det rett å la ein protest frå ein person føre til at plakaten blir fjerna?

– Det er ikkje protesten til den personen som gjer at vi fjernar plakaten. Det er berre det at plakaten har hengt der så lenge at vi har slutta å tenkje på kva som heng der. Eg har sett på han meir som eit bilete som heng på veggen. For meg er dette ei ikkje-sak, seier rektoren til Vårt Land, før ho nektar å svare på fleire spørsmål.

Protestar. Rektors avgjerd skaper strid i bygda. Foreldre vil ha dei ti boda tilbake i klasserommet.

– Eg kjende det rykte i kroppen då eg las at rektor hadde teke ned plakaten med dei ti boda. Han må sjølvsagt opp igjen, seier Anders Jørgensen til Fædrelandsvennen.

Han har barn på skulen og har starta ei underskriftskampanje for å få plakaten opp igjen. I går hadde 56 personar signert oppropet på nett.

Enn så lenge gler Human-Etisk Forbund (HEF) seg over utfallet på plakatstriden i Øyslebø.

– Dette er ei viktig symbolsak for oss, seier Vibeke Lauritsen, organisasjonssekretær i HEF Vest-Agder.

– Kvifor?

– For det er ein viktig symbolsak for dei religiøse. Bordbøn og julegudstenester blir løfta fram som viktige innslag for dei som trur på gud. Då blir det viktig for oss som ikkje trur å sleppe å ha desse tinga på skulane. Vi forstår ikkje kvifor denne plakaten skal henge opp i det heile teke, for den signaliserer på mange måtar at «her på denne skulen tenkjer vi slik».

- I over 30 år har ingen reagert, men etter ein protest frå ein tilfeldig gjest blir plakaten fjerna. Er det urimeleg?

– Det er ikkje sikkert folk tenker over kva plakaten betyr, for du ser deg gjerne blind på ting. Dersom det er nokon foreldre som reagerar, så er det ikkje sikkert dei vil ta det opp med rektor og risikere ein krangel.

Ikkje viktig for presten. For KrF Marnardal er ikkje plakaten ei viktig sak.

– Dette er storm i eit vassglas. Eg meiner rektor burde lete plakaten hengje, men eg har ikkje sterke kjensler angåande dette, seier Øystein Sangesland i KrFs lokallag.

Heller ikkje sokneprest i Marnardal, Arild Knudtsen, er opprørt over at plakaten forsvann.

– Dei ti boda er ikkje det vi snakkar mest om i kyrkja her, men eg meiner plakaten kunne hengt oppe. Det er stadig etiske utfordringar i skulen og i femte klasse har dei mykje om kristendom i KRLE, seier presten.

Rasar. På Facebook-sida til Fædrelandsvennen rasar diskusjonen:.

«Nå er jeg agnostiker og mener at religion ikke har noen plass i skolen å gjøre. Heng heller opp kardemommeloven» skriv ein debattant.

«Året er 2014 - Jeg lurer på hvordan dette ser ut i 2030. Hvorfor i all verden skal vi gi fra oss vår identitet fullstendig», står dei i ein annan av dei 156 kommentarane.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter