Nyheter

Prest startar privat

I Mandal vil en prest ta betalt 600 kroner for sjelesorgtime. – Det går ikkje an å ta betalt som prest, seier Presteforeininga.

Solfrid Bjørkelid Dyrøy opna denne veka dørene til si nye verksemd i Mandal sentrum. Ho er truleg den første i landet som startar som privat prest.

– Eg har allereie blitt spurt om å ha vigslar, seier ho.

Det vil koste brudeparet 4.500 kroner.

– Å drive som privatpraktiserande prest er umogleg. Det går ikkje an å ta betalt for tenester som den lokale kyrkja skal tilby, seier nestleiar i Presteforeininga, Ingvild Osberg.

LES MER: Når folkekirken våkner

Bryllaup: 4.500 kr

Men Solfrid Bjørkelid Dyrøy er i gang. På heimesida til «Livets muligheter» som bedrifta hennar heiter, står følgjande prisar:

• Samtale 600 kr (50 minutt)

• Bryllaup 4.500 kr

• Gravferdsseremoniar 3.000 kr

Ho har tidlegare vore prest i Lindesnes, Kristiansand, Skien, Søgne og vikar i alle kyrkjelydane i Mandal prosti. Men for å sleppe meir pendling slik at ­kabalen med familie, barn og jobb skal gå opp, vil ho bli landets første frilansprest.

– Men eg vil ikkje konkurrere­ med dei eksisterande tilboda, berre vere et supplement, seier­ ho.

– Massiv respons

Ho seier at helsearbeidarar i Mandal overfor henne har etterlyst eit tilbod til dei som ikkje er så dårlege at dei må takast hand om av eit ­medisinsk hjelpeapparat, men som likevel slit. Responsen etter eit oppslag i lokalavisa er stor.

– Eg har problem med å få handla når eg går i butikken, for det er så mange som tek kontakt for å seie at det er flott eg startar dette.

– Korleis kjem du til å bruke prestetittelen din?

– Det blir mest i samband med seremoniar, slik som bryllaup. Så er det klart at dersom nokon slit med noko som har med den kristne trua deira å gjere, og vil snakke med meg som prest, så er det opp til kunden.

LES MER: Mange sier nei til kirkebegravelse

– Ikkje glad

Det er verken prosten i Mandal eller biskopen i bispedømmet glad for.

– Oppretting av denne tenesta er ikkje det eg er mest glad for. Men vi lever i eit fritt samfunn, så folk er fri til å etablere slike føretak, seier prost Per Ragnar Haraldstad.

– Alle medlemmer i kyrkja har krav på gratis tenester. Eg trur ikkje vegen å gå er å lage firma som skal tilby slike tenester for betaling, seier biskop Stein Reinertsen.

– Solfrid Bjørkelid Dyrøy seier ho kjem til å ta betalt for samtalar som prest dersom kundar ynskjer det. Er det greitt, Reinertsen?

– At prestar opprettar eit firma for å ta betalt for prestetenester er antakeleg nytt. Vi som kyrkje må tenke nøye gjennom korleis dette skal vere.

Følg oss på Facebook og Twitter

– Etisk utfordring

Den nye frilanspresten vil no tilby mandalittane det ho kallar meir skreddarsydde, personlege bryllaup.

– Kva er skilnaden på dei samtalane du vil tilby og det du ville hatt dersom du var presten i ­lokalkyrkja i Mandal?

– Eg trur eg vil kunne bruke mykje meir tid. Eg har jobba som prest og veit kor hektisk det er i periodar. Det er årsaka til at eg vil starte dette tilbodet, for eg veit at behovet for samtalar er der.

– Kva tenker du om at du no vil ta betalt for samtalar som du tidlegare gjorde gratis?

– Det er ei etisk utfordring. Samtidig så fekk eg då løn som prest, og det gjer eg ikkje no. Dette­ er ei utvikling vi ser ­generelt: Ein må betale for den tenesta ein ynskjer. For eksempel er private helsetenester ein veksande marknad.

Ho viser til at Mandal har kutta tilskota til ei diakonstilling som var retta mot ungdom for å ­førebyggje rusmisbruk. Slik er det med fleire ting i kommunen, hevdar ho, og då må folk betale for tenestene dei treng i staden.

LES MER: Trives med statskirken

– Kyrkja har kapasitet

Biskop Reinertsen håpar at Solfrid Bjørkelid Dyrøy vil opplyse om at den som ynskjer samtale med ein prest, kan gå få det gratis i den lokale kyrkja. Han understrekar også at ho er under dei same ordningane og reglane som alle andre prestar.

– Er ikkje dette eit gode dersom folk i Mandal har behov som strekker seg utover det den lokal kyrkja klarer å tilby?

– Jo, men samtidig har vi eit godt presteskap, og når det gjeld sjelesorg skal ein prest skal alltid ta imot menneske til det. Eg trur slike samtalar blir prioritert høgt av prestane, seier biskopen.

– Det er i alle fall ikkje slik at folk renner ned dørene her. Når det gjeld samtale så er det ingen prestar hos oss som er fullbooka, svarer prost Haraldstad.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter