Nyheter

Omstridd talar får norsk talarstol

Japansk kyrkje kallar organisasjonen hans for kjettarsk. Norsk kristenstemne kallar forbøna hans livsforvandlande.

Utstøtte misjonærar. Skuldingar om steling av kyrkjemedlemmer. Påstandar om ekstrem vekt på utdriving av vonde ånder. Dette er blant stikkorda i ein opprivande strid mellom den japanske Kinki-kyrkja og den norske Frikyrkja.

Og midt i striden står Masahide Kanayama. No er han lansert som talar på SommerOase, eit av landets største kristne stemner.

LES OGSÅ: Avviser anklager om sekterisme

– Sterke helbredingar

– Vi opplever at Kanayama har ei sterk teneste i bønn for Gud og at han ber for mange som i etterkant fortel at dei har opplevd helbreding, seier Asbjørn Simonnes som er dagleg leiar i Oase.

På den kristne fornyingsrørsla si heimeside står blant anna følgjande omtale av legen og evangelisten:

«Sterke helbredelser har skjedd under disse besøkene (Kanayamas besøk på eit bønnesenter med Oase-leiaren til stade red.anm.). Mange gleder seg allerede til å høre og se Masahide i aksjon igjen og flere vitner om at hans undervisning og forbønn har vært livsforvandlende».

Motstridande omtale

Omtalen står i sterk kontrast til Kinki Evangelical Lutheran Church­ i Japan sin omtale av Kanayamas bønnenettverk, International marketplace ministry (IMM).

Vårt Land har tidlegare skrive at Kinki i november braut samarbeidet med fleire frikyrkjas misjonærar, som har vore med på å leggje grunnlaget for Kinkis eksistens. Blant anna reiste frikyrkje­misjonærar i november tilbake til Japan, utan å kunne ha kontakt med kyrkja som dei har samarbeidd med i over 50 år. Professor i misjonsvitskap, Tormod Engelsviken,­ omtalte slike samarbeidsbrot som veldig uvanlige.

LES OGSÅ: Anklager hverandre for misjonsbruddet

– Kor godt har de sjekka Kanayamas bakgrunn, Simonnes?

– Eg kjenner han godt og har møtt han fleire gonger. Samtidig kan alle talarar ha ei utvikling. No er det over eit halvt år sidan eg møtte han og kva han har sagt i Japan er vanskeleg å følgje med på. Men vi i Oase opplever han som ei velsigning.

Då toppleiinga i Kinki-kyrkja fann ut at fleire av deira kyrkjelydar hadde hatt kontakt med IMM, sendte dei ut eit brev til alle kyrkjelydane med følgjande åtvarande karakteristikkar:

• IMM driv med herlighets­teologi og har ekstremt fokus på ­utdriving av vonde ånder.

• IMM har ekstremt fokus på helbreding.

– Strøymde til

Simonnes kjenner seg ikkje igjen i at Kanayama driv med herlighetsteologi, har ekstremt fokus på vonde ånder og ekstremt fokus på helbreding. Oase har ingen planar om å droppe han som talar, fortel Simonnes.

– Då han talte på Oase i 2009, strøymde det hundrevis av folk frå heile landet til for å få forbønn av Kanayama.

– De skriv at Kanayama er «rangert blant de aller fremste blant spesialister og kirurger på verdensplan på kvinnesykdommen Endometriose, og er en ettertraktet foreleser verden over innen sitt medisinske fagfelt». Kor har de dette frå?

– Det har vi fått referert og ikkje sett noko grunn til å tvile på. På ein av mine reiser i USA besøkte eg hovudklinikken hans i New York og såg at han hadde mange pasientar. Vi kan godt sjekke ut dette nærmare.

LES OGSÅ: Nå er hun uønsket

Avviser påstandane

Simonnes legg til at nokre av Kanayamas metodar kan oppfattast som omstridde i medisinske kretsar.

– Han seier han får visdom frå Den heilage ande når han opererer, noko som skal vere årsaka til at han får så gode resultat i sin kirurgi av kvinnesjukdommen endometriose.

Kanayama avviste overfor Vårt Land tidligare i månaden at han var sekterisk:

– Eg har blitt gjort til syndebukk i konflikten mellom Frikyrkja og Kinki, uttalte han og understreka at bønnenettverket hans aldri har lagt vekt på eksorsisme, helbreding eller driv med herlighetsteologi.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter