Nyheter

Ny stifting tek opp kampen om ‘folkekyrkja’

«Levende folkekirke» vil gje «Åpen folkekirke» motstand i homokampen.

– Vi ønskjer å mobilisere alle dei som vil bevare ekteskapet mellom mann og kvinne, seier Øivind Benestad i stiftinga «Levende folkekirke».

– Spontant vil eg seie at det er eit litt dumt valg av namn, seier meiningsmotstandar Sturla Stålsett i organisasjonen «Åpen folkekirke».

LES MER: Kamporganisasjon for kirkevigsel dannet

Skjebneval

I september 2015 er det kyrkjeval, og Øivind Benestad seier til indremisjonsorganet Sambåndet at valet blir «eit vannskilje som vil leggje føringar for utviklinga i kyrkja i åra som kjem».

Etter Kyrkjemøtet i vår blei organisasjonen «Åpen folkirke» skipa. Dei vil jobbe for at homofile skal kunne gifte seg i kyrkja.

– Hadde nettverket «Levende folkekirke» kome i stand dersom «Åpen folkekirke» ikkje hadde blitt det?

– Sannsynlegvis ikkje. I alle fall ikkje på denne måten med namn og organisering av nettverk, seier Benestad til Vårt Land.

LES MER: – Åpen folkekirke kan bety innholdsløs og tom

Frir til organisasjonar

Han har sidan 2005 leia Stiftelsen MorFarBarn, som også arbeider for å forsvare ekteskapet som ein samlivsinstitusjon mellom mann og kvinne.

– I løpet av sommaren er vi fleire som har snakka saman og blitt einige i at vi må organisere oss, seier Benestad som truleg vil fungere som koordinator i nettverket.

Han fortel at dei vil arbeide på to plan:

* Få med lutherske organisasjonar, slik som til dømes Normisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband. Indremisjonsforbundet har allereie sagt at dei vil bli med.

* Utfordre folk som meiner ekteskapet skal vere mellom mann og kvinne, til å stille som kandidatar i kyrkjevalet. Deretter få så mange som mogleg til å stemme på desse, slik at kandidatane får plass i det lokale bispedømerådet og dermed også i Kyrkjemøtet.

LES MER: Stålsett forstår ikke kritikken mot 'Åpen folkekirke'

Hastverk

Kyrkjemøtet fungerer som Den norske kyrkja sitt storting og vedtek liturgiar. Det er dermed Kyrkjemøtet som avgjer om homofile par skal kunne gifte seg i Den norske kyrkja.

– «Åpen folkekirke» blei til i juni. Allereie i desember skal det bli valt nominasjonskomité for bispedømma. Er de seint ute?

– Vi har litt hastverk sidan vi allereie no burde vore ferdig med organisering av nettverket. Men vi har mange planar og det er ikkje for seint å få sett mange av dei ut i livet før valet neste år, seier Benestad.

LES MER: – Vi trenger flere kirkepartier

Velkommen

– Det er helt naturlig at ein organiserer seg rundt saker fram mot et val. Det styrkjer demokratiet. I den forstand er Levende folkekirke velkommen, seier Stålsett.

Han leier organisasjonen «Åpen folkekirke», som vil ha homobryllaup i Den norske kyrkja.

– Men folk burde fått klarare alternativ sidan det her står om ulike prioriteringar innanfor samlivsspørsmålet. Her er vi i tydelig strid om kva ordet folkekyrkje skal bety, seier Stålsett og viser til at Benestad har bytta ut «åpen» med «levende».

Han meiner namnevridinga er symptomatisk for det Benestads stifting står for, nemleg at «kyrkja ikkje skal vere heilt open, men ha grenser mot det dei som ikkje stemmer overens med stiftinga sine ideal for ekteskapet».

LES MER: 'Åpen folkekirke' får støtte og kritikk

Alternative lister

– Kva tenker du om ordet «levende»?

– Her kan du leggje mykje inn i det, som om det skulle vere noko død folkekyrkje der ein stad. Men ein skal ikkje overtolke slike namn heller.

– Den nye stiftinga lurer på kva som er dykkar strategi?

– Vi har vore tydleg heile tida på at vi skal få inn gode kandidatar til valet av neste Kyrkjemøte. Vi er også i ferd med å opprette lokallag i dei ulike bispedømma som jobbar med å lage alternative lister til valet med kandidatar som vil stemme for ein likekjønna vigsel.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter