Nyheter

Nordlyskatedralen trakk fleire enn gamlekyrkja på julaftan

Folket kravde gudsteneste i gamle Alta kyrkje, men Nordlyskatedralen trakk fleire menneske.

– I Nordlyskatedralen samla dei tre gudstenestene julaftan 1.036 soknebarn. Det gir eit snitt på 344. Kyrkja var med andre ord fullsett ved alle dei tre gudstenestene, seier fungerande sokneprest Øyvind Oksavik til Vårt Land.

360 kom. NRK melde julaftan at press frå folk i Alta hadde ført til at det vart satt opp gudsteneste også i den gamle kyrkja.

– I Elvebakken kyrkje var det to gudstenester med til saman 418 til stades, og i gamle Alta kyrkje møtte 360 fram for på ny å høyre evangeliet om det vesle barnet i krybba, komen som verdens frelsar, seier han.

LES MER: Folk vil i gamlekirken på julaften

Kjensler. Presten seier det ikkje er rart at mange søkte seg til gamle Alta kyrkja då høvet baud seg.

– Mange kjensler er knytte til nettopp denne kyrkja. Framleis vert mange gravferder lagt til Alta kyrkje, også gjennom det siste året har mange såleis teke farvel med sine kjære i denne vakre kyrkja.

Oksavik opplyser at ein vanleg gudstenestene i Nordlyskatedralen har godt over 200 frammøtte.

Mer fra: Nyheter