Religion

Kyrkje-bidrag i skulen skapar uro

Biskop Solveig Fiske har fått positivt svar på sin invitasjon til samarbeid med Kongsvinger kommune. Foreldre krev klargjering av opplæringslova.

Tidleg i mars hadde biskop i Hamar, Solveig Fiske, eit møte med Kongsvinger kommune, rektorar og kyrkjetilsette. Møtet sette ned ei gruppe som ser på samarbeidet mellom kyrkja og skulen, og sa at samarbeidet kan knytast til ulike fag i tillegg til RLE.Det kan vere kunst og handverk, samfunnsfag, og matematikk, «i form av for eksempel 'å slippe 4. klassinger løs' i kirkerommet for å finne ulike geometriske figurer», som det står i notatet.

Men dette reagerer foreldre på.

Variert samarbeid

Ifølgje Bengt-Ove Andreassen, førsteamanuensis i religion, livssyn og etikk ved Universitetet i Tromsø (UiT), er det store variasjonar i samarbeid mellom kyrkje og skule i Noreg.

– Mitt inntrykk er at vurderinga er ulik frå lærar til lærar. Det er gjort få undersøkingar på heilskapen, seier Andreassen.

Ifølgje biskop Fiske er det samarbeid mellom skule og kyrkje i alle 48 kommunar i Hamar bispedøme.

LES OGSÅ: Foreldremøte i moské skaper bråk

Vil styrke livskompetanse

Etter møtet i Kongsvinger sa biskop Fiske til lokalavisa Glåmdalen at ho ser på kyrkjerommet som ein naturleg læringsarena for born.

– Kva meiner du med det, biskop?

– Mange born opplever at slektningar blir fødde eller døyr. Mange døypast framleis i kyrkja, og dei fleste vel ei kyrkjeleg gravferd. Då skaper det tryggleik at borna kjenner kyrkjerommet frå før, svarar Fiske til Vårt Land.

– Religiøs identitet og sjølvforståing er viktig. Kyrkja er ein god læringsarena som også gir eit utgangspunkt til å snakke om eksistensielle spørsmål, uavhengig av religiøs tilhøyrsle.

Biskopen seier at hennar og Kongsvinger kommunes felles mål er å «styrke bornas livskompetanse».

– Med det meiner eg utrustning til å møte og det livet bringer med seg, seier ho.

Far reagerer

Møtet mellom biskopen og kommunen vekte reaksjonar. John Edmund Smedtorp, som er far til ein som skal byrja på skulen til hausten, bestemte seg for å skrive eit innlegg i lokalavisa.

– Biskopen gir inntrykk av at religion er ein naturleg del av mine borns liv, og at kyrkja er ein del av deira lokalsamfunn. Det er eg ikkje einig i, seier Smedtorp til Vårt Land.

Han er oppteken av at skulen skal vere ein nøytral arena.

– Eg veit biskopen argumenterer med at born kjem i kontakt med kyrkja gjennom dåp og gravferder, til dømes. Og det kan sjølvsagt skje. Men dei treng ikkje å venjast til eller integrerast i kyrkjerommet, meiner han.

Mykje respons

– Kjenner du andre foreldre som har reagert som deg?

– Sidan eg skreiv innlegget er det mange som eg aldri har sett før som har kome spontant opp til meg og sagt at dette er noko dei også tenkjer mykje på, fortel Smedtorp.

Barnefaren har sett at biskop Fiske har svart på innlegget hans i avisa, noko han set stor pris på.

– Men ho svarte ikkje på bekymringane mine.

Vil skape tryggleik

Biskop Fiske seier ho er oppteken av at foreldra skal føle seg trygge på kva borna gjer når dei er på skule. Ho er klar på at skulen må ha regien.

– Det er avgjerande å skilje mellom forkynning og undervisning. Eit samarbeid mellom kyrkje og kommune må vere føreseieleg og halde seg til lov og planverk, presiserer biskopen.

Smedtorp meiner biskopen så langt ikkje har lukkast med å skape tryggleik.

– Biskopen har hatt eit møte med kommunen, inkludert rektoren på skulen der barnet mitt skal byrja. Så vidt eg veit var ingen frå skulens foreldreutval representert, seier han.

Ynskjer strengare rammer

Ifølgje Utdanningsdirektoratet seier ikkje opplæringslova noko spesifikt om samarbeid mellom skule og kyrkje. Det er heller ikkje noko krav at samarbeid må skje i bestemte fag. Samtidig skal skulen vise respekt for elevane og foreldra sine filosofiske og religiøse overtydingar.

Barnefar Smedtorp synest lovverket er altfor ope.

– Det overlet mykje til dei forskjellege kommunane og biskopane rundt omkring, slik at dei kan tillate seg det både ein og det andre. Det gjer det ikkje føreseieleg eller trygt for meg som meiner skulen skal vere verdinøytral, seier han.

– Om kyrkja har eit uttalt ynskje om å få meir plass, så stiller eg meg undrande til kva det kjem til å bestå av. For er det i det heile tatt mogleg å halde undervisninga verdinøytral når den foregår inne i ei kyrkje, spør han.

Ifølgje opplæringslova kan elevar søke om fritak frå deler av undervisninga som opplevast som støytande eller krenkande ut frå deira religion eller livssyn.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Vil invitere alle trussamfunn

Kongsvinger kommune har framleis ikkje sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på samarbeidet mellom skule og kyrkje. Ifølgje kommunalsjef Hanne Stolt Wang avventar dei situasjonen.

– Vi har bestemt oss for at vi vil nå breiare ut og invitere alle trussamfunna til eit samarbeid, seier Wang.

– Når vil dette arbeidet byrja?

– Det er for tidleg å seie. Akkurat no jobbar vi med lokale læreplanar.

Smedtorp blir på ingen måte roa av det kommunalsjefen seier.

– Dette blir berre ei ytterlegare påsmøring av det biskopen kjem med, meiner han.

Barnefaren håper foreldra vil få plass i arbeidsgruppa som skal nedsetjast. Til det svarar Wang i ein tekstmelding til Vårt Land slik:

– Det er eit godt innspel som eg tek med meg vidare. Vi har ikkje diskutert dette, men foreldreutvalet er alltid ein naturleg samarbeidspartnar.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion