Politikk

Kyrkja er på parti med dei minste

I alle sakene Den norske kyrkja har tatt stilling til dei siste åra, deler dei oftast syn med sentrumspartia. – Folkekyrkja har spelt fallitt, meiner Frp-ar.

Se vår gjennomgang nederst i artikkelen.

Vårt Land har gått igjennom fråsegner frå Bispemøtet, Kyrkjerådet og Mellomkyrkjeleg råd frå 2011 og fram til i dag. I løpet av den tida har kyrkja sagt si meining om klima, asyl, reservasjonsrett, tidleg ultralyd, søndagsopne butikkar og lengeverande asylborn. I dei aller fleste tilfella er det dei små sentrumspartia som er einige med kyrkja.

– Kvifor er det slik, valforskar Bernt Aardal?

– Det har lenge vore eit partipolitisk mønster at mellompartia har stått fram som forsvararar av motkulturar, forklarar han.

LES OGSÅ: – KrF er det nye Venstre

– Ikkje venstrevridd

Biskopane Tor B. Jørgensen og Helga H. Byfuglien er ikkje overraska over resultatet av undersøkinga.

– Det er ofte sånn at dei sakene som vi har følt det naturleg å fokusere på, er av ein slik karakter at parti som KrF og V er opptekne av. Dei kan være meir spissa enn dei større partia. Det gjeld til dømes klima og menneskeverdsspørsmål, seier Jørgensen.

Byfuglien meiner undersøkinga viser at kyrkja ikkje er venstrevridd, slik som har blitt hevda av somme dei siste vekene. Det er Jørgensen einig i.

– Eg har aldri kjent meg igjen i den skuldinga, seier han.

LES KOMMENTAREN: Mer målbart blir det ikke

Balanse

Det er fleire grunnar til at kyrkja ofte er einig med sentrum, ifølgje Byfuglien.

– Dette handlar også om at sentrumssaker vil ha gjenklang hjå ganske mange menneske, seier ho.

Nestleiar i KrF, Dagrun Eriksen, er inne på det same.

– Det at biskopane held seg i sentrum, verkar kanskje meir samlande. Det hadde vore meir urovekkande om dei gjekk for langt mot høgre eller venstre. I sentrum er det meir balanse, meiner ho.

Det einaste partiet som alltid er einig med kyrkja, er KrF.

LES KRISTIN CLEMETS INNLEGG: Den norske, politiske kirken

Ueinig med Ap

Arbeidarpartiet (Ap) derimot, konkluderer ofte annleis enn kyrkja. Av dei seks sakene kyrkja har hatt meiningar om sidan 2011, er Ap einig med kyrkja berre når det gjeld søndagsopne butikkar. Nestleiar Helga Pedersen er ikkje overraska, sidan kyrkja ofte tek føre seg «svært krevjande, etiske dilemma».

– Det er ikkje noko nytt at Arbeidarpartiet og kyrkja har ulike syn på abortspørsmålet. I debatten om tidleg ultralyd har kyrkja knytt det til abortspørsmålet og sagt nei, medan Ap ser på det som et verktøy for å kunne redde foster med ein ny metode, og har med det utgangspunktet sagt ja, seier Pedersen.

Ifølgje valforskar Aardal har arbeidarrørsla tradisjonelt sett hatt eit distansert forhold til kyrkja. Det er ikkje Pedersen heilt einig i.

– Der eg kjem frå er det ingen motsetnad mellom å vere aktiv i kyrkja og aktiv i arbeidarrørsla. Tvert i mot. Her er det ulike kulturar innan arbeidarrørsla, meiner Aps nestleiar, som kjem frå Tana i Finnmark.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Folkekyrkja har spelt fallitt

Heller ikkje Framstegspartiet (Frp) er ofte samde med kyrkja. Fylkesordførarkandidat for Frp i Buskerud, Lavrans Kierulf, synest det er vanskeleg å svare på kvifor.

– Mitt inntrykk i Drammen er at kyrkja legg seg på venstresida, seier han.

– Men eg trur ikkje dette gjenspeglar seg i dei som går i kyrkja.

Kierulf meiner vi ikkje lenger kan snakke om ei folkekyrkje.

– Kyrkja har valt å vere ein politisk aktør. Den har gått hardt ut, med sterk politisk brodd. Folkekyrkja har spelt fallitt, meiner Frp-aren.

LES OGSÅ: Britiske biskopar hardt ut før valet

I grenselandet

Folkekyrkja har ikkje eit politisk program, svarar biskop Helga Byfuglien. Ho får støtte frå kollega Tor Jørgensen.

– For meg er det veldig viktig å understreke at å vere folkekyrkje, ikkje tyder at vi ikkje kan ha meiningar. Det viktigaste er vi ikkje tek partipolitisk standpunkt, meiner biskopen.

– Kyrkja må etter mitt skjønn tåle å delta i debatten, med risiko for at dei som er ueinige føler det som ei utfordring. Vi er ein del av samtalen i samfunnet og vi må våge å gå inn i grenselandet mot politikken, seier Jørgensen.

SAKENE:

Lengeverande asylborn
Bispemøtet, oktober 2014:
«Regjeringen varslet at det skulle foretas en regelendring 'som sikrer sterkere vektlegging av barns situasjon'. En slik regelendring er ennå ikke kommet (...). Biskopene mener denne utsendelsespraksis er uakseptabel og må stoppes. Det er et minstekrav at alle familier med lengeværende barn må få en oppdatert vurdering av sin sak i lys av hensynet til barnets beste. (... )Vi oppfordrer regjeringen til så snart som mulig å endre reglene slik at barneperspektivet sikres.»

LES HEILE FRÅSEGNA HER

Einig: SV, V, KrF, MDG, Sp
Ueinig: H, Frp, Ap

Søndagsopne butikkar
Bispemøtet, oktober 2013:
«Biskopene mener at forslaget om en utvidet ordning med søndagsåpne butikker er uheldig og ber regjeringen ikke fremme forslag om dette.»

LES HEILE FRÅSEGNA FRÅ BISPEMØTET HER

Kyrkjerådet, januar 2015:
«Regjeringen bør snarest skrinlegge forslaget om søndagsåpne butikker. Det er overraskende at en kultur- og kirkeminister fra Høyre fremmer et forslag som bryter med kristen kulturarv.»

LES HEILE FRÅSEGNA FRÅ KYRKJERÅDET HER

Einig: KrF, Sp, SV, Ap, MDG
Ueinig: H, Frp, V

Tidleg ultralyd
Bispemøtet, februar 2012:
«Bispemøtet mener at et offentlig tilbud om ultralydundersøkelse i 12. uke for alle gravide ikke lar seg begrunne utfra hensynet til svangerskapsomsorgen. I praksis vil et slikt tiltak fungere som fosterdiagnostikk, og med stor sannsynlighet føre til at flere velger bort fostre med Downs syndrom. Ut fra et kristent menneskesyn vil Bispemøtet understreke alle menneskers likeverd uansett utviklings- og funksjonsnivå, og vil på dette grunnlag gå mot et offentlig tilbud om tidlig ultralyd for alle.»

LES HEILE FRÅSEGNA HER

Einig: H, V, KrF, Sp, MDG
Ueinig: SV, Frp, Ap

Reservasjonsrett
Kyrkjerådet, mars 2014:
«Kirkerådet er prinsipielt positiv til at det innrømmes en reservasjonsmulighet for fastleger som av samvittighetsgrunner vil reservere seg mot å henvise til abort. (...) Vi fremholder at det er nødvendig med felles nasjonale retningslinjer for hvilke rammer samfunnet vil sette for fastlegers frihet til å følge sin samvittighet.»

LES HEILE FRÅSEGNA HER

Einig: H, KrF, Frp
Ueinig: V, Sp, SV, Sp, MDG

Truskonvertittar
Bispemøtet, februar 2014:
«Inntil en utredning foreligger, vil Bispemøtet be om at regjeringen stiller i bero de aktuelle sakene slik at troskonvertitter ikke returneres til land hvor deres legitime rett til fri trosutøvelse faktisk ikke respekteres.»

LES HEILE FRÅSEGNA FRÅ BISPEMØTET HER

Bispemøtet, oktober 2014:
«Arbeidet med utredningen er kommet i gang. (...) Bispemøtets henstilling om å stille konvertittsaker i bero, er ikke tatt til følge. Vi har med bekymring registrert at det fortsatt sendes ut konvertitter (...). Vi vil derfor gjenta vår oppfordring.»

LES HEILE FRÅSEGNA FRÅ BISPEMØTET HER

Mellomkyrkjeleg råd, november 2014:
«Mellomkirkelig råd mener at konvertittsaker må stilles i bero i aktuelle saker slik at troskonvertitter ikke returneres til land hvor deres legitime rett til fri trosutøvelse ikke respekteres, hvor de må regne med forfølgelse eller kan møte straffesanksjoner for sin tro.»

LES HEILE FRÅSEGNA FRÅ MELLOMKYRKJELEG RÅD HER

Einig: KrF, V
Ueinig: H, Frp, SV, Ap, MDG, Sp

Klima
Bispemøtet, juni 2012:
«Det var viktig at Stortinget 7. juni vedtok et klimaforlik med en forpliktende og konkret tiltakspakke. Bispemøtet mener at målsettingene er for lite ambisiøse, og er kritisk til at Norge ikke tar en større del av utslippskuttene hjemme. Kortsiktige, nasjonale vinningshensyn overskygger de langsiktige og globale perspektivene. Vi må ta modigere skritt enn det klimameldingen og klimaforliket legger opp til, selv om det koster.»

LES HEILE FRÅSEGNA HER

Einig: MDG
Ueinig: H, V, Frp, SV, Sp, Ap, KrF

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk