Nyheter

Kallar konfirmasjonar
 for ‘mini-bryllaup’

Dagens konfirmantar får i snitt 40.000 kroner i gåver.

– Skiljet mellom dei som får lite eller mykje pengar til konfirmasjonen har blitt grotesk, seier Laila Riksaasen Dahl, b­iskop i Tunsberg.

Mai er høgsesong for konfirmasjonar, og for mange f­amiliar er feiringa ei dyr ­affære. Men tenåringen som står i sentrum på festdagen kan vente seg ein feit bankkonto:

  • Tanter og onklar gir i snitt 1.700 kroner.
  • Vener og kjente gir rundt 700 kroner.
  • Foreldre gir rundt 14.500 kroner.

'Nyrike'. Dermed stikk vårens konfirmantar av med 40.000 kroner i snitt, viser ei undersøking som Ipsos MMI har utført for DNB.

– Dette er ikkje eit veg­leiande beløp, understrekar forbrukarøkonom Silje­ Sandmæl i DNB i ei pressemelding.

Ho meiner konfirmantan­e vil bli utsett for dei same freistingane­ som «nyrike».

– Foreldra bør gi pengeråd. Det vil vere dumt å søle bort mykje pengar på shopping og tull og tøys, seier Sandmæl.

LES OGSÅ: Betaler fett for konfirmasjon

Tusen på tusen. Konfirmantinntektene har auka med ­mange tusenlappar sidan 2012 fordi foreldra gir endå meir, viser undersøkingar frå DNB.

– Høg lønsvekst og låg rente gjer at foreldra har spart opp meir. Når dei skal vere spandable, vil dei vere det mot dei som betyr mest, nemleg borna, forklarar Sandmæl.

Då Nordea i fjor undersøkte kor mykje foreldra brukte på konfirmasjonen, dukka ordet «mini­bryllaup» opp i hovudet til forbrukarøkonom i Nordea, Christine Warloe.

– Sjølv om foreldre har råd, treng dei ikkje lage eit mini-bryllaup. Det er ikkje naudsynt å leggje unødig press på dei rundt, seier ho.

Det er fort gjort å bli inspirert til å legge mykje pengar i mykje. Invitasjonar, fotograf og mat kan gjerast til store utgiftspostar, analyserer Warloe.

– Men dette er berre éin dag. Det er innhaldet i konfirmasjonen som bør vere i sentrum, seier ho.

LES OGSÅ: Prest flyttet konfirmasjon for å få med Liverpools gullkamp

Høg terskel. Det er sjølvsagt biskop Laila Riksaasen Dahl einig i. Som konfirmantlærar i mange år har ho sett pengesummane stige i takt med velstanden i landet.

– Eg vil ikkje moralisere over kva folk brukar pengar på. Når det gjeld dei som får mykje pengar så kan vi håpe at dei går til utdanning, sertifikat og andre ting, seier biskopen.

Biskop meiner at konfirmasjonen alltid har synleggjort skilnadar. Ho var sjølv blant dei som tidde stille då det var snakk om kor mykje dei enkelte hadde fått i pengegåver.

LES OGSÅ: Unge skeptiske til å bli med i kirken

– Skilnadane på kven som har fått mykje eller lite har alltid vore der. Det er berre at no er skiljet blitt grotesk, sidan folk har så mykje pengar.

Fleire familiar søker Nav om pengehjelp til å arrangere konfirmasjonsfest. Men kor mange familiar dette dreier seg om har Nav ikkje tal på.

– Kva tenker du om at nokon må få hjelp frå Nav for å arrangere konfirmantfest, medan andre arrangerer «mini-bryllaup»?

– Fattigdom er også relativt og nokon vil alltid ha vanskar med å henge med. Vi lever i ein forbrukarkultur der lukka er å bruke mest mogleg pengar, seier biskopen.

LES OGSÅ: Gallup peker mot forsatt dåpsras

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter