Nyheter

– Justin Bieber snakkar om Jesus for å halde på fansen

Musikkmeldar Asbjørn Slettemark trur popidolet Justin Bieber tar opp Jesus og tilgjeving på strategiske tidspunkt.

Det siste året har skandalane stått i kø for tenåringsidolet Justin Bieber. Denne veka starta dei førebuande rettsmøta i Toronto i Canada der popstjerna er klaga for ei rekke lovbrot, blant anna for å ha slått ein limousinsjåfør i bakhovudet.

Då er det greitt å kunne vinne litt sympati hos fansen ved å snakke om tilgjeving, framhevar ekspertar. Førre veke kom ein YouTube-video der Bieber snakkar om kor stort offer det var at Gud let sin son Jesus bli drepen som offer for menneska.

– Det er ganske openbart at Bieber snakkar om Jesus og tilgjeving etter å ha dumma seg ut. Dette kjem på strategiske tidspunkt, seier Asbjørn Slettemark.

LES OGSÅ: Bieber på Twitter: Jeg elsker Jesus

PR. Musikkmeldaren i NRK har følgt med på korleis popidolet har blitt eit av dagens største tenåringsidol, og sett skandalane i kjølvatnet av suksessen det siste året. Etter ei lenger periode med rusmisbruk og utagerande oppførsel toppa det seg då superstjerna i januar i år vart arrestert for fyllekøyring.

Men fire dagar seinare tatoverte idolet eit kors på brystet. Og dagen etter dette enno ei tatovering - orda «Forgive» vart teikna på magen. Bieber forklarte det sjølv med at «tilgjeving er sterkt - å tilgi som i at Jesus døydde på korset for å tilgi syndene våre».

Dessutan: Korstatoveringa hamnar kanskje i Guinness rekordbok av di den vart utført i fly 12.000 meter oppe i lufta. Så var tatoveringane ei personleg kristen handling eller PR-stunt?

LES OGSÅ: Besvimer av Bieber

– Ekte tru. Maria Celine Lundeby (28) har skrive masteroppgåve om kva kristne verdiar som vi finn hos det amerikanske popidolet.

– Bieber har ikkje nødvendigvis eit uttalt mål om å formidle kristne verdiar, men det er verdiar å spore i formidlinga hans, seier Lundby.

– Kor mykje kommuniserer Justin Bieber at han er kristen for å skape eit godt image?

– Dei kristne verdiane og vitnesbyrda som idolet formidlar, er bevisst. Dette er med og skapar det imaget som har gjort Bieber stor. Men dette stammar frå at Bieber har blitt prega av kyrkja han har gått i og av mora si kristne tru. Eg vil difor seie at det er både eit image, men at trua samtidig er ekte.

Dersom rota i det ikkje var ekte ville det neppe fungert i image-bygginga, meiner masterstudenten. Ho peikar blant anna på følgjande funn:

* Bieber legg vekt på familierelasjonar og heidrar mor si, noko som stemmer overens med det fjerde bod.

* Han er mot abort, som mange vil seie stemmer overens med det femte bod.

* Han misbruker ikkje Guds namn og bannar ikkje i songane sine.

* Han engasjerer seg i frivillig hjelpearbeid, noko som er eksempel på nestekjærleik.

LES OGSÅ: I bønn for Bieber

Avgudsdyrking. Det som talar sterkt i mot at popidolet kan kallast eit kristent førebilete, er at fansen nærmast tilber Bieber som ein gud, noko som er lagt opp til av Bieber sjølv, skriv Lundeby i oppgåva si.

– «Believe» («tru» på norsk) er namnet på ein låt, det eine albumet og verdsturneen som stjerna hadde. Her syng ikkje Bieber om religiøs tru, men om fansen si tru på han. Dette kan tolkast som avgudsdyrking og brot på det første bodet om å «ikkje ha andre gudar enn meg», forklarar Lundeby.

LES OGSÅ: Psykolog: Må ta Bieber-hysteriet på alvor

Kristen tradisjon. For musikkmeldar Asbjørn Slettemark føyer Bieber sitt kristne livssyn seg godt inn i musikktradisjonane til R&B-artistane.

– Det er ein del av pakka at du takkar Gud og foreldra dine for suksessen du oppnår, men kor djupt det stikk, er vanskeleg å seie.

I ein musikk- og kampanjevideo som kom førre veke, snakkar Bieber med den kristne rapparen Brandon Burke. Rapparen har mål om at ein million menneske skal vende om og vedkjenne seg til Gud. Bieber gjentek fleire gongar i slutten av videoen «at Gud tilgav alle dei som drap sonen hans» og understrekar kor vanskeleg det må vere.

– For meg er dette ein del av image-bygginga som Bieber må ha. Ingen slike utsegn er tilfeldige med tanke på marknadsføringa av merkevara Bieber.

– Kan superstjerna si kristne tru gjort han mindre kommersiell?

– Nei. I den amerikanske marknaden er det berre positivt, medan det for folk i Europa og resten av verda ikkje er så viktig kva musikkidola trur på, seier NRK-profilen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter