Nyheter

Jon Fosse er blitt katolikk: Som å kome heim

Ved jonsoktider i 2013 vart han konfirmert i Oslo.

Det nynorske tidsskriftet Syn og Segn har eit lengre intervju med den verdskjende forfattaren og dramatikaren frå Hardanger.

Etter at Jon Fosse (54) melde seg ut av statskyrkja var han saman med kvekarane i Bergen. Fosse er døypt protestantisk, og i sumar vart han konfirmert i St. Dominicus-kyrkja på Majorstuen og vart med det katolikk. Lars Roar Langslet var vitne i konfirmasjonen.

Komen heim. - No er eg på ein måte komen heim. Eg opplever at den katolske messa gjer meg godt, i motsetnad til den protestantiske, som aldri har gjort meg noko godt, seier Fosse.

Han var ein av forfattarane som deltok i omsetjinga av Bibelen, som kom i ny utgåve i 2011.

- På 80-talet var eg innom den katolske kyrkja både i Bergen og Oslo. Eg funderte på å melde meg på eit konvertittkurs. I staden enda eg opp hjå kvekarane i Bergen. Dei har eg alltid kjend meg nær, og dei kjenner eg meg framleis nær. Men i dag er det noko ukvekersk over det å vera kveker, dei er vorte så sekteriske. Skal ein fyrst fjerna alt, slik at berre det tause møtet i sirkelen står att, er det lettare for ein usosial fyr som meg å vera ein av mange i Stefansdomen enn ein av fire i ein kvekarring, seier han.

At han ikkje konvertertei 80-åra forklarar Jon Fosse med at han sto åleine med tankane sine. Han visste ikkje om ein ienaste katolikk i Bergen, difor var det vanskeleg  å «ta seg over».

LES OGSÅ: Himmelvendt og jordnært frå Jon Fosse

Slutta å drikka. Alkoholen held på å ta livet av han, seier han i intervjuet.

- Drakk til eg låg der, og har sidan ikkje smakt meir. Det var ein slags alkoholisme, men lenge meinte eg at eg hadde han under kontroll, seier Fosse:

– For meg var drikking knytt til det ytre, det sosiale livet, ikkje til skrivinga. Då kvitta eg meg med det ytre livet, opplesingar og å vera på scenen. Eigentleg drakk eg ikkje for å bli rusa, men for å unngå skjelving og abstinenssymptom. Fråhaldet opplever eg som ei frigjering, seier Fosse:

– Litt bevisst har eg bytt ut priten med spiriten. Før fann eg fellesskapen meir med svirebrør på skjenkjestova enn i kyrkja eller messa. Det kjennest personleg godt  vera ein pitte liten del av ein stor samanheng, saman med mange levande og døde. Nedst på rangstie. på bakerste benk, har eg det best i det katolske hierarkiet.

Når Fosse ikkje bur i Grotten i Oslo, eller på huset sitt på Frekhaug nord for Bergen, er han i den vesle byen Hainburg an der Donau saman med den tredje kona si. Han møtte Anna (27) frå Slovakia då ho arbeidde med ein magistergrad om forfattarskapen hans.

Vårt Land-journalist Alf Kjetil Walgermo intervjua Fosse til portrettsidene Min tro hausten 2009:

Skrive seg religiøs. – Du har tidlegare sagt at du blei religiøs gjennom skrivinga?

– Ja, det trur eg ikkje eg skryt av. Men eg vil eigentleg ikkje kalle meg religiøs, heller. Egtrurikkje. Eg veit det eg veit. Det er noko eg har sett som eg er sikker på. Det er ikkje noka tru. Om ein først skal bruke ordet, så er det ei slags mystisk innsikt, som grensar opp til det religiøse. Men då nærmar ein seg fort dogmatikken og det institusjonelle, og der står eg på full avstand, seier Jon Fosse:

– Eg er eigentleg eit veldig lite religiøst menneske. Men eg blir berre mindre og mindre ateistisk. Ateismen er ei tru som eg har svært lite til overs for.

Ut og inn av kyrkja. Fosse melde seg ut av statskyrkja som tenåring, for deretter å melde seg inn att midt i 30-åra. På den tida var han meir forsonleg innstilt til den tradisjonelt kristne livshaldninga, seier han.

– Eg veit ikkje om eg ville meldt meg inn på nytt no. Samtidig, kva er det godt for å svekkje kyrkja endå meir? Kyrkja er ein av dei få stadene der marknaden og kapitalen enno ikkje har trengt inn. Ein stad der ikkje alt er media, konsum, marknad, produksjon og pengar. At noko slikt finst er eit viktig «statement» i seg sjølv.

Han trur ikkje på fortapinga, men på frelse «i en viss forstand»:

Credi ad absurdum. – Eg trur vi kjem attende dit vi kjem ifrå. Vi kjem frå Gud, og vi går til Gud. Men frelse gjennom Kristus seier meg ingenting, like lite som frelse gjennom Buddha. Dersom eg skal ta det ned til noko, må det bli ei slags «credo ad absurdum»-haldning. Eg trur fordi det er absurd. Den logikken kan eg følgje. Men at alle som ikkje trur på Kristus, skal fortapast, det er meiningslaust. Alle dei asiatiske venene mine, heile den islamske befolkning, alle som var fødde før Kristus. Nei, den frelsesmodellen der er dogmatisk og valdeleg.

Heime i katolsk messe. Fosse fortel i intervjuet at han ikkje er kyrkjegjengar, men har stor sans for det liturgiske og seremonielle i kyrkja. Det er alle orda rundt han har vanskar med.

– Det er problemet til protestantismen at han skal setje ord på alt. Sett at eg har ei lita tru, då, så har eg henne ikkje når eg går ut av kyrkja igjen. Men i kvekarsamlingar og katolske messer kjenner eg meg heime, sa Jon Fosse i 2009.

Les mer om mer disse temaene:

Kjell Kvamme

Kjell Kvamme

Kjell Kvamme er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter