Nyheter

Ingen står fram i orgelmysteriet

Aksjonskomité i Melhus avviser at dei har noko med dei forsvunne orgelpipene å gjere.

Politiet har framleis ingen mistenkte i saka der nokon flytta rundt tusen orgelpiper til fem millionar kroner i Melhus kyrkje, skriv Trønderbladet.

Etterforskingsleiar Grethe M. Fossum ber den eller dei skuldige melde seg og fortel at folk skuldar på kvarandre. Pipene vart onsdag i førre veke rett før orgelbyggjarar frå Sveits skulle skrive under ei omstridd kontrakt for bygging av nytt orgel. Orgelpiper frå Skottland stod lagra på galleriet og skulle bli brukt i det nye orgelet.

LES OGSÅ: Orgelkrim

– Eg vil vere forsiktig med å spekulere i kva som kan vere motivet bak dette, men det er jo litt spesielt når pipene har ligge på galleriet i fleire år, utan å bli flytta, og så skjer dette natta før kontrakten skal bli skrive, har fellesrådsleiar Asbjørn Buklev tidligare uttalt til adressa.no.

En aksjonskomité som har vore imot at dei sveitsiske orgelbyggjarane skal få oppdraget. Komiteen avviser at dei har noko med dei forsvunne orgelpipene å gjere.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter