Kripos omtalar Hells Angels som ein kriminell bande og viser til at mange personar tilknytt klubben er dømt for kriminalitet som grov vald, valdtekt og narkotikabrot. No kjem opp mot 800 Hells Angels-medlem frå heile verda for å heidre kamerat som skal gravleggjast i Oslo domkyrkje, melder TV 2.
– Det er ingen motsetningar i bakgrunnen til klubben og den avdøde, og det at vi opnar dørene for denne gravferda i omkyrkja. Kristendommen handlar om å vere open og tilby alle grupper menneske eit håp, seier domprost Anne-May Grasaas til Vårt Land.
250 motorsyklar. For dei fleste blir domkyrkja i Oslo assosiert med kongelege bryllaup og store offentlege gravferder, sist av Høgre-politikar Inge Lønning. Da blir fredagens gravferd ganske annleis, når Hells Angels skal ta farvel med sitt respekterte medlem. Den avdøde 35-åringen var fullferdig medlem i klubben i ti år, skriv TV 2.
Før gravferda skal rundt 250 motorsyklar køyre i kortesje frå motorsykkelklubbens lokalar i byen til domkyrkja. Etter gudstenesta vil kortesjen følgje båra til Østre Aker gravlund der 35-åringen skal gravleggjast.
– Er det høge talet på besøkande årsaka til at domkyrkja skal nyttast, domprost Grasaas?
– Det er eit viktig moment, saman med andre ting.
– Kva andre ting var viktige i avgjerda?
– Den informasjonen kan eg ikkje gå ut med.
Medlem? Domprosten vil heller ikkje sei noko om den avdøde 35-åringen er medlem i folkekyrkja.
– Er det tilfeller der bakgrunnen til den avdøde gjer at de ikkje vil arrangere gravferda?
– Det har aldri vore eit tema, og difor vil eg ikkje seie noko om det. Her er summen av informasjon slik at vi vil opne domkyrkja.
- De legitimerer ikkje klubben meir ved å opne den kanskje mest symboltunge kyrkja i landet?
– Dersom vi ved å sleppe folk inn, legitimerer åtferda deira, er det ikkje mange som kan kome inn, seier Grasaas.
Politiet følgjer med. Talsmann for Hells Angels, Rune Olsgaard, nektar ikkje for at nokon av dei som kjem kan ha kriminelt rulleblad.
– Men eg trur ikkje det er veldig mange som har det. Folk har ikkje noko å frykte for at det kjem mange motorsyklistar. Vi er her for å vise respekt i ei gravferd, seier han til TV 2.
Politiet seier til kanalen at dei vil følgje med på gravferda og at dei tek førehaldsreglar.
– Vi i domkyrkja føler oss trygge, seier prost Grasaas.