Nyheter

Gir ut avkristna julesongar

Det kimer ikkje lenger for den «den høye gjest» når humanetikarane omskriv gamle salmeskattar.

«Deilig er jorden, I sin rike velde, gir den oss livet på ny hver dag.» Slik lyder songen når Tore Sivertsen skriv om den kjende julesongen Deilig er jorden.

Humanist Forlag har no samla songar utan religiøst innhald i si utgiving Når nettene blir lange. Julesanger for noen og enhver. I tillegg har tre kjære salmar fått ikkje-kristen språkdrak: Melodiane til «Deilig er jorden», «Deilig er den himmel blå» og «Det kimer nå til julefest» har fått tekstar som ikkje har nokon referansar til Gud, Jesus og juleevangeliet.

Biskop i Tunsberg, Laila Riksaasen Dahl, likar dårleg Human Forlag si nye julesongbok.

– Det blir totalt uinteressant dersom vi skal finne fram til ein mellomting som alt og alle kan stå for. Dette er ikkje vegen å gå for julefeiringa, seier Riksaasen Dahl.

LES NETTLEDER OG DISKUTÉR: Tukling med julesang

Skurrar. – Kva er tanken bak boka, redaktør Tore Sivertsen?

– Eg er ein juleromantikar og vaks opp med å synge julesongar. Men eg er oppteken av tekstane, og ein del songar har eit kristent bodskap. For dei som ikkje trur på Gud, til dømes i min familie, så skurrar det å synge kristne salmar. Her har vi samla mange gode alternativ, seier Tore Sivertsen.

– Forstår du at folk kan bli provosert av omdiktingane av salmane?

– Ja. Til dømes «Deilig er jorden» har vakker melodi og tekst, men eg ville skrive ein song som hyllar jorda. Eg angrar ikkje sjølv om dette skaper reaksjonar.

– Kva vil du erstatte den kristne jula med?

– Jula er ein gamal midtvintersfest og mykje av innhaldet i jula var der før den kristne feiringa av Jesu fødsel. Sjølv fyller eg høgtida med god mat, varme og det å stoppe opp og bruke tid på familie.

Sivertsen fortel at noko av tanken med å lage boka er at den kan nyttast i barnehagar og på skular.

– Til dømes så veit eg om folk som jobbar på barnehagar som er på utkikk etter nøytrale julesongar, seier redaktøren.

LES OGSÅ: Hedninger kupper kristen adventssang

Respektere. Biskop Laila Riksaasen Dahl meiner det er viktig at born og unge får lære dei kristne julesongane. At vi tenker og trur forskjellig når det gjeld livssyn er noko ein på skulen skal lære å respektere. Dette klarer born fint, og dersom ein det krasjar med eige livssyn må ein heller la vere å syngje, meiner den tidlegare kateketen.

– Er det ikkje greitt at ikkje-kristne kan få synge gamle salmar med nye tekstar?

– Nei. Det burde ikkje vere lov å nytte kulturarven slik at det nærmast blir plagiat. Dikt heller eigne songar! Dette blir platt, seier biskopen.

LES OG DISKUTÈR: «Den nye teksten strider mot de intensjoner komponisten hadde med sitt åndsverk.» Eyvind Skeie om Hedningesamfunnets salmeendring på verdidebatt.no

Lovleg. Leiar av arbeidet med den nye salmeboka i Den norske kyrkja, Vidar Kristensen, opplyser at humanetikarane har alt på det reine.

– Dette er fullt lovleg sidan vernetida til desse verka er over. Dette er eit kjent fenomen i historia. Til dømes gjorde Martin Luther det andre vegen då han la kristne tekstar til kjente, verdslege songar, seier salmeeksperten.

- Du blir ikkje provosert?

– Absolutt ikkje. Eg forstår godt at humanistane treng fleire songar. Til no har dei berre to som er godt kjent: «Din tanke er fri» og «Til ungdommen». Den nye teksten dei har laga til «Deilig er jorden» har absolutt litterære kvalitetar. Men den kan nok ikkje konkurrere med den originale versjonen, seier Kristensen.

Skeptisk. Eigil Morvik, direktør i Kyrkjeleg pedagogisk senter, er derimot «veldig skeptisk» til Humanist Forlag sine planar om å få omskrivne salmar inn i skulane.

– Det strir mot ramme- og lærarplanane. Dei seier at borna skal få kjennskap til kristen kulturarv og høgtidene. Då kan ein ikkje byte ut slike kristne songar som markere nettopp dette, seier Morvik.

– Sivertsen seier at fleire etterlyser nøytrale songar?

– Det finst julesongar om nissar og slikt som kan nyttast. Løysinga er ikkje å dikte om på salmane. Dessutan provoserer dette mange, og det er lite oppfinnsamt.

- Du trur verken på Jesus eller Nissen. Kvifor er det berre plass til nissen i songboka? Er ikkje begge ein del av vår kulturarv, redaktør Tore Sivertsen?

– Det er eit godt spørsmål, men det er forskjell på nissen og andre mytiske figurar. Det er ikkje så mange som trur seriøst på nissen. Han er meir ein symbolfigur som ein del av den muntre jula, seier Sivertsen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter