Nyheter

Biskop blokkerer for lesbisk prest

Både soknerådet og bispedømerådet vil ha lesbiske Hanne Marie Pedersen-Eriksen som sokneprest i Sandøy. Men biskopen nektar å ordinere henne.

Onsdag var første gong Møre bispedømeråd handsama ei tilsetjingssak der ein søkjar gir til kjenne at ho vil inngå ekteskap med ei av same kjønn.

– Vi brukte lang tid på denne saka. Vi ynskte å gi den god og grundig behandling, seier fungerande leiar i bispedømerådet, May Lisbeth Aurdal.

Rådet stemde til slutt for å tilby teologistudent Hanne Marie Pedersen-Eriksen stillinga som sokneprest i Sandøy, med atterhald om ordinasjon. No gjer Møre-biskop Ingeborg Midttømme det klart overfor Vårt Land at ho ikkje kjem til å ordinere Pedersen-Eriksen.

Årsaka er at ho til sommaren skal gifte seg med kjærasten Sigrunn.

– Kan ikkje byrja i jobben

– Kan ho bli ordinert i eit anna bispedøme og deretter tiltre som prest i Møre?

– Kyrkjeretten opnar ikkje for det, svarar biskopen.

– Betyr det at Pedersen-Eriksen ikkje kjem til å byrja i den jobben bispedømerådet har innstilt henne til?

– Det vil vere konsekvensen av det.

– Det kan sjå ut som bispedømmerådets fleirtal har satt både seg sjølv og Pedersen-Eriksen i ein vanskelig situasjon med sitt vedtak?

– Det er ei vurdering eg deler, seier Midttømme.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Glad for tilbodet

Då vi snakka med Pedersen-Eriksen torsdag morgon, var gleda stor for at ho har fått tilbod om prestestillinga.

– Det er heilt vilt. Det er to gleder. Den eine er at eg faktisk har blitt behandla som ein aktuell kandidat. Det at eg har blitt tatt på alvor, ser eg på som ein stor siger i seg sjølv, sa ho til Vårt Land.

– Den andre gleda er at dei faktisk har gitt meg tilbod om jobb.

Til biskopens avgjersle seier Pedersen-Eriksen dette:

– Eg har fått tilbod om jobb i Møre. No prøvar eg å finne ut om det juridiske rundt dette, og det har eg framleis ikkje fått klarleik i.

Ifølgje NRK har Pedersen-Eriksen no kontakta ein advokat.

– Ikkje endra praksis

Leiar av Møre bispedømeråd, Modulf Aukan, som for tida er sjukmeldt, har sagt til Sunnmørsposten at rådet har eit vedtak på at folk som lever i sambuarskap eller homofile ekteskap ikkje skal tilsetjast i vigsla stillingar.

Ifølgje fungerande leiar for bispedømerådet, May Lisbeth Aurdal, har dei ikkje endra praksis ved å tilby Pedersen-Eriksen stillinga.

– Vi har ikkje endra praksis, for vi har ikkje vore borti liknande situasjon før. Det bispedømerådet har eit vedtak på, er at det skal stå i utlysingsteksten at samlivsform blir etterspurt, og kan vektleggast. I denne saka har samlivsforma blitt formidla av søkjaren, seier Aurdal.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter