Nyheter

Biskop åtvarar mot samtale-med-døde-show

– Sjelesorg kan ikkje finne stad i ein konferansesal på eit hotell, seier Jan Otto Myrseth om prinsesse Märtha Louise sitt spirituelle seminar. Hva mener du – er det greit å snakke med døde?

Prinsesse Märtha Louise og medleiar av selskapet Soulspring, Elisabeth Nordeng, arrangerte i går eit seminar med kontroversielle Lisa Williams, kvinna som seier ho kan snakke med døde menneske. Til ein pris av 1.540 kroner billetten fekk dei frammøtte på eit Oslo-hotell ei dagsøkt om spirituell utvikling.

LES OGSÅ: Hvorfor ordner ikke Gud opp i Syria?

Om evna til å samtale med døde sa Williams dette til Dagbladet laurdag:

– Eg har alltid sett ansikt. Kroppar. Då eg var fire år, kom dei ut av veggane og byrja å snakke til meg.

Døden set punktum

Fungerande biskop i Bjørgvin, Jan Otto Myrseth, likar ikkje arrangement av denne typen. Han åtvarar særleg mot dei som hevdar å kunne få avdøde i tale.

– Kyrkja lærer at døden er eit punktum. Men nokre gjer det til eit levebrød «å samtale med dei på den andre sida» for at folk som har noko uoppgjort skal få rydde opp, seier han til Vårt Land.

Slike tilbod skal ein ikkje ta i mot, meiner teologen og presten:

– Folk som lever med sorg må forsone seg med at det er sett strek når eit menneske døyr.

– Kva tilbod bør dei heller få?

– Dei bør møtast med tilbod om samtale, sjelesorg eller kvalifisert terapi for å kunne leggje oppgjorte saker bak seg.

Biskop Myrseth understrekar at han ikkje kallar aktiviteten til Lisa Williams «humbug» eller «bedrag»:

– Men sjelesorg kan ikkje finne stad i ein konferansesal på eit hotell, eller få eit element av underhaldning ved seg.

LES OGSÅ: – Jeg kan ikke late som jeg ikke er sint på Gud

Tek litt avstand

Leiarane av Soulspring, prinsesse Märtha Louise og Elisabeth Nordeng, påpeikar på eigen blogg at «Vi i Soulspring kommuniser ikke med avdøde sjeler i vårt arbeid. Og her skilles vårt arbeid fra Lisas».

– Det er rett, det er ein skilnad på det vi gjer. Dei snakkar med englar. Og eg, vel, eg snakkar med dei døde. Men det handlar om noko av det same, seier Williams til Dagbladet.

På Soulspring.no utdjupar Märtha Louise og Nordeng skilnaden: «For å være helt ærlige ser vi ikke helt poenget med å kontakte de døde. De har gått over til den andre siden for en grunn og skal få lov til å være der, og dette har vi også lyst til å ta opp med henne. Likevel kjenner ingen av oss noen, oss selv inkludert, som ikke sier noen ord på graven til en avdødd slektning eller venn. Gjør du?» Soulspring er det nye navnet på selskapet som blei kjent som «engleskulen» Astarte ved oppstarten i 2007.

LES OGSÅ: Mistet tvillinger – skriver om livet som forsvant

Brukar kort tid

På spørsmål om ho utnyttar folks sorg, seier Williams følgjande til Dagbladet:

– Det eg kan gjere på éin session, kan ta år i terapi å få til. Det er mange som meiner eg burde gjere dette gratis. Men dersom eg skulle ha gjort det, ville eg ikkje hatt høve til å reise rundt i det omfanget eg gjør no.

Då det blei klart at Märtha Louise og Nordeng skulle stå på scenen med Williams i haust, hausta dei kritikk. Til Dagbladet sa engleskuleleiarane at kritikk rammar:

– 
Det er ikkje slik at vi er heilt uberørte av det. Men vi må lytte og finne ut kva som er ret for oss i dei ulike situasjonane, sa Märtha Louise.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter