Nyheter

Arne H. Fjeldstad døydde brått

Teologen og journalisten ble 57 år.

Arne H. Fjeldstad (57) døydde brått søndag. Hjarta stogga av det legen går ut frå var ein blodpropp i lunga, opplyser familien.

Han stod midt i arbeidet for The Media Project, eit internasjonalt arbeid for å utruste journalistar verda over til betre dekning av religion som ein naturleg og viktig del av samfunnet.

Fjeldstad var prest utdanna ved Menighetsfakultetet. Han tok doktorgrad ved Fuller Theological Seminary i USA.

Journalist

Fjeldstad tok teologien med seg inn i journalistikken. Han var redaktør i magasinet Credo i Laget midt på 80-talet. Etter den tid var han i ei årrekkje tilsett i Aftenposten der han var journalist og seinare mellom anna vaktsjef, også med nøkkelansvar for å følgje opp produksjonen av avisa.

At han var prest var ein viktig del av identiteten i den travle aviskvardagen – i Aftenposten gjekk han under kallenamnet «deskbispen». Han var i Aftenposten fram til år 2000. Då drog Fjeldstad til Midtausten for å drive mediearbeid i den arabiske verda. Fjeldstad hadde i yngre år også budd i Israel.

Etter fem år vende Fjeldstad tilbake til Noreg. Han, kona Hilde og dottera Silje Maria (13) har sidan den gongen budd i Kristiansand.

Fjeldstad har hatt store deler av verda som arbeidsområde: Som leiar av The Media Project har han reist i ulike verdsdelar for å halde konferansar og kurs for mediafolk om religionens plass i samfunnet. The Media Project prøver også å utruste kristne journalistar til å ta på alvor korleis trua kan prege kvardagen i yrkeslivet. Som nabo til NLA Mediehøgskolen Gimlekollen tok Fjeldstad også villig oppdrag der.

Trusfridom

Fjeldstad var son av sokneprest Torstein Fjeldstad, ein av grunnleggjarane av Misjon Bak jernteppet i 1967 – organisasjonen som i dag har namnet Stefanusalliansen. Trusfridom var difor nøkkelord i engasjementet til Fjeldstad frå unge år av. Han sat i nokre år på 90-talet også sjølv i styret for organisasjonen som då heitte Norsk Misjon i Øst.

– Han var sterkt engasjert i arbeidet vårt og var ein sterk bidragsytar for oss, mellom anna hjelpte han oss med å skaffe partnerar i Egypt. Dødsmeldinga er svært trist, seier generalsekretær Hans-Aage Gravaas i Stefanusalliansen.

Gravferda skjer frå Oddernes kirke i Kristiansand onsdag 3. desember klokka 11.30.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter