Nyheter

Alle vil ha stortingsprest

Erin Faldet (Ap) var sterkt kritisk til å ha stortingsprest, men eit møte med døden gjorde at ho endra meining.

– Eg var veldig skeptisk til stortingspresten, men vart ein av dei første som trengte han, seier Eirin Faldet, tidligare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Ho hissa seg straks opp då Stortinget valde å tilsette ein prest i 2007.

– Eg syntes det var masse ­tomme kyrkjer i Oslo og tenkte at dei som hadde behov for ein prest berre kunne oppsøke ein prest. Eg meinte vi burde ­bruke pengane på andre ting enn dette, fortel Faldet som sat på tinget i 24 år.

Brått dødsfall. Brått døydde dottera i ei bilulukke og Faldet trengte nokon å snakke med og hjelp til å arrangere gravferd. Stortingspresten Per Arne Dahl hjelpte til med begge delar, og sidan har Faldet vore ein fast brukar av presten sine tenester.

– Det er ei ære å bli vald inn på tinget, samtidig som at ­arbeidskvardagen kan vere tøff. Det er menneske bak kvar einaste representant. Vonde oppslag i avisa og liknande er noko dei må takle i kvardagen og her har presten vore ei støtte for mange, seier ho.

No avsluttar Per Arne Dahl si presteteneste på Stortinget ­sidan han til hausten blir biskop i Tunsberg. Om dei folkevalde framleis skal ha ein prest frå Den norske kyrkja i gangane, er difor oppe til vurdering. Brotet mellom stat og kyrkje, som vart sett i verk i 2012, kan dessutan tale imot ordninga.

Men ei ringerunde til stortingsrepresentantar i alle dei politiske partia, viser at alle er positive til å halde fram med presteordninga.

– Vi i Sosialistisk Venstreparti synes ikkje det er noko grunn til å fjerne denne ordninga, seier Torgeir Knag Fylkesnes, stortingsrepresentant for SV.

– Stortinget bør absolutt ha ein prest, seier Martin Kolberg, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

At staten ikkje lenger er evangelisk-luthersk, bør ikkje på­verke ordninga meiner ein av arkitektane bak prestestillinga.

– Den bør halde fram. Stortinget er ein tøff arbeidsplass. Det er ikkje alltid lett å ­kaste maska. Difor dekker det eit ganske stort behov på Stortinget at ein har ein å kunne snakke i fortrulegheit med om ting som ein er oppteken av, seier Hans Bratte­så, tidligare direktør på Stortinget.

Men noverande direktør, Ida Børresen, seier at saka først må bli diskutert.

– Å ha ein prest frå Den norske kyrkja på Stortinget har vore ei spesiell ordning som har fungert veldig godt.

Kan bli slutt. Ordninga kan likevel stå for fall.

– Eg har ikkje drøfta dette med presidentskapet enno, og det er dei som til sjuande og sist avgjer dette, seier ho.

– Taler avviklinga av statskyrkja imot å ha ein prest frå Den norske kyrkja på Stortinget?

– Eg veit ikkje om det blir eit moment i vurderinga. Dahl har kanskje først og fremst fungert som ein sjelesørgjar og sam­taleperson, vel så mykje som ein prest. Det er meir den funksjonen vi er ute etter. Personen må kunne famne alle.

– Bør fleire trussamfunn bli ­representert no?

– Det har vi enno ikkje diskutert.

– Er det nokon som er i mot at det er ein prest på Stortinget?

– Eg har ikkje høyrt om ­nokon. Det har nok med den personen Dahl har vore, seier Børresen.

Heller ikkje Sturla Stålsett, som leia arbeidet med å meisle ut Noregs framtidige religionspolitikk med utgreiinga Det livssynsåpne samfunn, har store innvendingar mot at dei folkevalde skal ha tilgang til ein prest.

– Det kan vere gode grunnar til at ordninga bør halde fram. Ei nær og open haldning til dei ressursane tru og livssyn kan tilby er hovudtanken i vår utgreiing. Dette bør også gjelde Stortinget og regjeringa, seier Stålsett, som understrekar at ­dette er hans meining. Spørsmålet vart ikkje direkte omhandla i utgreiinga dei leverte.

Eit avgjerande poeng er at Stortinget også legg til rette for at andre trus- og livssyn kan bli representert dersom nokon har behov for det, meiner utvalsleiaren.

– Difor bør andre religiøse leiarar også vere representert, slik som ein imam?

– Det kjem an på. Dette ­likebehandlingsprinsippet er behovs­orientert, men det burde vere ein smal sak å leggje til rette for andre trussamfunn dersom behovet er der, seier Stålsett.

– Ut med presten. Men Human-Etisk Forbund har lite sans for at religiøse leiarar skal få innpass på Stortinget.

– Ein prest har ikkje noko på Stortinget å gjere. Når det gjeld dei som har ei tru, kan dei gå til sine trussamfunn. Dette skal ikkje inn på arbeidsplassen, seier generalsekretær Kristin Mile.

– Mange er svært glad for ordninga?

– Eg forstår godt at nokon nyttar seg av tilbodet. Men prinsipielt bør ikkje ein prest ha ein slik posisjon eller stilling på Stortinget, seier human-­etikaren.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter