Spaltist

«Uke 6» og seksualitet i skule og samtid

Tidstypisk seksualundervisning og tydeleg normkritikk bør utfordre både heim og kyrkje.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Uke 6 vart arrangert for sjette gong sist veke, fekk alle klassetrinn i grunnskulen tilbod om gratis undervisningsopplegg. Til «jubiléet» vart altså 1.– 3. klasse inkludert i materialet frå organisasjonen Sex og Politikk (ekstern link), støtta av Helsedirektoratet.

Helse, trivsel og seksualitet

Sidan starten i 2011 har Sex og Politikk, som i over 40 år har arbeidd for å forsvare og fremje seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR), stått bak kampanjen. Målet for Uke 6 er å gi barn og unge ei undervisning om seksualitet «som utruster til å ta valg som fremmer helse og trivsel, og som forebygger mobbing, diskriminering og krenkelser». Materialet er knytt til kompetansemål i norsk, KRLE, naturfag og samfunnsfag, og vart i år brukt i undervisning for over 110.000 elevar. I tillegg møtte omlag 6.500 opplegget utanfor skulen.


Margunn Serigstad Dahle er skribent Tro24, førstelektor NLA Mediehøgkolen Gimlekollen og team- og produksjonsleder, Damaris Norge.


«Uke 6» tilrettelegger for en kunnskaps- og rettighetsbasert seksualitetsundervisning, som er essensielt for å fremme barn og unges helse og trivsel», uttalar Nora Mehsen, rådgivar i Sex og Politikk, på heimesida. Ho understreker at refleksjon over tema som identitet, trivsel, følelsar, helse og kjønn kan gi barn og unge kunnskap, holdningar og ferdigheiter dei treng for å kunne ta informerte val, både nå og seinare i livet.

Informerte val

Det er ikkje tvil om at i ein sexfiksert kultur som vår, er rådgivaren verdt å lytte til. Peikarane til ein stendig meir seksualisert oppvekst er mange, og Mehsen har utvilsamt rett når ho hevdar at seksualitetsundervisning handlar om meir enn sex. I læreplanen er då også «seksualitet» ein gjengangar i ulike fag gjennom heile grunnskulen.

Kunnskap og refleksjon er her avgjerande, men spørsmålet er kva verdiar som ligg til grunn – og kva slags kunnskap, haldningar og ferdigheiter refleksjonen munnar ut i. Kva informasjon bygger den einskilde valet sitt på? Kva alternativ er til dømes haldne fram? Uttrykket «informert val» gir positive assosiasjonar, og dermed er det lett å gløyme at informasjonen kan vere mangelfull og ubalansert.

«Val må byggjast på kunnskap om konsekvensar og samanhengar, men også rettleiast ved å bli prøvde mot verdiar» les vi i den generelle delen av læreplanen. Kva verdisett synest så å prege Uke 6-materialet frå Sex og Politikk?

Tidsaktuelle verdiar

Sjølv utan tilgang til undervisningspakken, får ein mange svar via hovudsida til Sex og Politikk og nettressursen Sex for deg (ekstern link). Medan 1. – 3.-klassingane mest samtalar om venskap, trivsel og følelsar, står tema som Familiar, Mine og dine grenser, Å vere seg sjølv og Din kropp – ditt liv – ditt val på dagsorden for eldre elevar.

Høgst aktuelle tema, og litt surfing på nettsida syner at mykje verdifullt blir formidla via kreative undervisningsmetodar. Samstundes høyrest ekkoet av samtida sin relativisme og subjektivisme, ikkje minst slik den viser seg i populærkulturen. Som i mange av fortellingane i tv-seriar, film, litteratur og musikk, er tilsynelatande alt ope for utforsking og opp til eige val, og skepsisen til tradisjonelle normer er tydeleg. Igjen blir spørsmålet kva verdiar det er som dannar utgangspunktet for refleksjonen, og dermed kva som vert grunnlaget for eleven sitt «informerte val».

Normkritikk

Definisjonane i Sexikon-delen (ekstern link) av opplegget viser ei normkritisk haldning. Oppgjeret med «hetero-norma» (ekstern link) er påtakeleg, og speglar sterke straumdrag i samtida, knytte til seksualitet, kjønn, identitet og familie. Læreplanen si understreking av at moralsyn endrar seg «slik at det gjennom refleksjon, kritikk og dialog kan dannast nye modellar for samfunnsforhold og samkvem mellom menneske» synes her å vere eit kjernepunkt.

Når så læreplanen seier at det «må vere eit tett samspel mellom fostringa i heimane, opplæringa i skulen og det omgivande samfunnet» blir nye spørsmål påtrengande. For; kva normer ligg eigentleg til grunn i skulen - og vert spegla i Uke 6? I kor sterk grad er normene i tråd med foreldra sine ønske – og kva kjennskap har dei til det som vert formidla?

Kristne foreldre

Læreplanen seier at sidan media har rykt inn der foreldra har trekt ut i arbeidslivet, «krevst ei meir medviten mobilisering av foreldra for å styrke det normative omlandet til skulen og elevane.»

Midt i utfordrande kår for klassiske, kristne normer, ligg her mulegheiter for bevisste kristne foreldre til vere med å prege. Samtalane i heimen er avgjerande, og den organiserte trusopplæringa har stort ansvar, men kampen om seksualitet og identitet føregår på den offentlege arenaen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Spaltist