ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
Søk i Tro24
Annonse

Tek tvilen på alvor

Påskefilmen «Risen» gir eit ærleg møte med både tru og tvil.

ANNONSE
ANNONSE
Cxense Display

I storfilmen Risen, som har norgespremiere 18. mars, får vi eit nytt perspektiv på den gamle påskeforteljinga. Her ser vi historia om Jesu død og oppstode med blikket til ein ikkje-truande romersk offiser. Pontius Pilatus har gitt tribunen Clavius (Joseph Fiennes) oppdraget med å finne ut kva som eigentleg har skjedd med kroppen til Jesus. For å hindre opprør i Jerusalem, må det finnast bevis for at rykta om ein oppstått Messias er grunnlause.

Margunn Serigstad Dahle er skribent for Tro24, førstelektor NLA Mediehøgskolen Gimlekollen og team- og produksjonsleder, Damaris Norge.

Saman med sin nye nestkommanderande Lucius (Tom Felton), tek Clavius fatt på ei etterforsking som ikkje berre viser seg å vere svært krevjande. Den byr også på totalt uventa utfordringar, reint personleg. Skal han så våge å følgje spora dit dei fører?

Truverdig skildring

Denne uventa innfallsvinkelen til kjerneforteljinga i kristen tru, gir eit forfriskande møte med kva som eigentleg skjedde desse avgjerande dagane i verdshistoria. Clavius sin iver etter å finne sanninga er smittande, og kampen mellom tvil og tru er gjenkjenneleg.

Drivkrafta som ligg i hovudpersonen; at det vel må finnast ei naturleg forklaring på alt dette, er på ei og same tid eit ekko av den moderne rasjonalisten og av det typisk menneskelege. Som skodespelaren Joseph Fiennes seier i eit intervju med Christianity Today: «The mindset, the conditioning, the belief system, the fallibility, the brilliance, and the faults in human nature in Clavius will always be modern».

Truverdige skildringar av skepsis og tvil, undring og tru i møte med påstanden om at Jesus faktisk har stått opp frå dei døde, er diverre ei mangelvare i mykje formidling både av kristen tru og av kva det vil seie å vere kristen. Nettopp derfor er Risen eit kjærkome, friskt pust, både inn mot sjølve brennpunktet i kristentrua og inn mot kristenlivet. Clavius sin personlege kamp så vel som erkjenninga av at dei alternative forklaringane til oppstoda ikkje held, kan vi tru på.

Tankevekkande situasjon

Behovet for å ta skepsis, tvil og spørsmål på alvor, er vesentleg uansett tidsperiode og aldersgruppe. Ikkje minst er det viktig for trusopplæringa i ei pluralistisk samtid som vår, ikkje heilt ulik situasjonen i Romarriket. Undersøkingane er både mange og tankevekkande i høve til kva konsekvensane kan bli når ein legg lokk på nettopp det som Risen opnar opp for.

Når unge gir uttrykk for at det nærast er umuleg å stille spørsmål om kristen tru eller å uttrykke tvil i samanhengen der dei går, blinkar varsellampane. Når vi så høyrer at dersom dei tek motet til seg og spør, så får dei ulne og platte svar, lyser lampen rødt. Her er det ein jobb å gjere for å møte barn og unge «der dei er», gi ærlege svar på ærleg spørsmål og vise relevansen og truverdet i den bibelske bodskapen.

Seinast i siste utgåva av tidsskriftet Philosophia Christi vart det referert til eit nytt, omfattande forskingsprosjekt; The Next Generation Project. Funna frå USA er både tankevekkande og kjende frå vår heimlege arena. Når millenium-generasjonen sit med spørsmål dei ikkje får tilfredsstillande svar på og tvil dei ikkje finn rom for, skal det svært mykje til å bli verande i ein kristen samanheng.

Tøffe spørsmål

Kinoaktuelle Risen gjer som mange filmar; løfter fram nokre av dei store spørsmåla i livet – og gir peikarar til svar. Tidleg i filmen spør Pontius Pilatus kva Clavius lengtar etter. Svaret han får, er kort og godt «Ein dag utan død». Ein grunnleggande lengt etter fred, som mot slutten av filmen får ein endå djupare klangbotn enn fråvær av krig.

Pilatus på si side stiller også eksistensielle spørsmål, som til dømes når han etter å ha undersøkt eit lik, seier: «Kva er vitsen med alt saman, eigentleg? Om nokre få år er det oss». Ja, kva er meininga med livet? Spørsmålet er nærgåande for oss alle, og i Risen finn vi meir enn berre hint til mulege svar.

Tidsaktuelt scenario

Årets påskefilm illustrerer dermed også den rolla filmmediet har som kjelde til livssynsdanning i vår tid. Sosiologen Mia Lövheim har peika på dette når det gjeld religiøs sosialisering, og utfordrar slik både kyrkje og heim til å vere bevisst på ansvaret sitt.

I Risen har vi ei unik mulegheit både til å få eit truverdig møte med sentrum i kristen tru og til å samtale ope om skepsis, undring, tvil og tru.

For ressursar om filmen og om Jesu oppstode, sjå damaris.no/risen.

alternative_text

Gisseltakers kjaeraste etterlyst - öker beredskapen i Paris

KOMMENTARER

ANBEFALT

ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
Cxense Display
Annonse

Solgården inviterer til ferie i samarbeid med Sjømannskirken.

Annonse

Med et bredt perspektiv på samtiden og med dyp innlevelse skriver historiker Heinz Schilling om rebellen Martin Luther som en aktør i et storslått drama om religionens rolle i verden.

ANNONSE
ANNONSE
;