Nyheter

– Du bør ha mange vener

Tre på UL-festivalen kjenner presset, og taklar det på kvart sitt vis.

Vårt Land stilte tre på UL-festivalen tre spørsmål:

1. Kva er det press på i ditt miljø?

2. Kva må du klare?

3. Synes du merkelappen «generasjon prestasjon» passar på unge i dag?

Kristin Kilvik Skeide (20), Sula:

1. Du bør ha mange venar, vere utadvent og å vere med på dei rette tinga. Karakterpress er det også, det er ikkje nok å stå. Det er ikkje like stort press på utsjånad lenger i mitt miljø.

2. Målet er å gjere det bra på byggingeniørstudie ved NTNU i Trondheim, halde meg i form, vere aktiv i venegjengen og få nye vener.

3. Generasjon prestasjon er beskrivande sidan det blir stilt krav på så mange område. Det blir spesielt tydeleg i sosiale medium med press på å få likes.

Kristine Espelund Strand (21), Ålesund:

1. Det er karakterpress på lærarskulen eg går på. Listene med karakterar er anonymiserte, men alle blir spurt slik at folk reknar ut kva du har fått. I ein jentegjengen eg var med i før, var det veldig treningspress med fokus på mage, rumpe og lår. Samtidig var ingen nøgde med korleis dei såg ut. Eg slutta å trene i protest.

2. På studiet er målet å få karakteren B og å få gode tilbakemeldingar i praksisperioden. Sidan alle snakkar om sommarkroppen 2015, får eg heller satse på haustkroppen 2016, hehe. Ellers vil eg vil vere aktiv i venegjengen, og få nye venar. Når det kjem til sosiale medium så er eg opprørsk. Eg har fjerna like-knappen på profilbiletet mitt sidan det er mykje fokus på likes.

3. Merkelappen generasjon prestasjon passar. Uansett kva arena du deltek i, er det forventningar til kva du skal oppnå.

Daniel Flaktveit (21), Bergen:

1. I mitt miljø er det ganske avslappa. Eg jobbar som elektrikar, men opplever ikkje noko press. Eg spelar fotball, men kan bestemme sjølv kor mykje eg må legge i det. Eg trur presset er større på jenter. Gutar blir litt spart for det media-kjøret som går på utsjånad.

2. Målet mitt er å gjere det bra på jobb, og ikkje sluntre unna. Eg er singel, så målet er også å få dame, men eg er avslappa på det. Når det gjeld sosiale media, er eg bevisst på å vere eit førebilete som kristen og ungdomsleiar.

3. Merkelappen passar litt sidan eg synes den eldre generasjonen stiller krav til at den oppveksande skal ta vare på det samfunnet dei har bygd opp.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter