Bilde 1 av 4

På «blind date» med ein flyktning

Yohannes Tesfagergish (26) kom åleine til Noreg i t-skjorte ein vinterdag i 2013. Hans første norske ven vart flyktningguide Helge Jensehaugen (27).

Reportasje

– Kva heiter den skulpturen?

Vi sit ein kafé i Oslo. Utanfor vindauget ligg Youngstorget, innhylla i grått og mildt vintervêr.

Yohannes Kaleab Tesfagergish (26) ser spørjande på Helge Jensehaugen (27).

– Statuen? Eg trur den berre representerer ein arbeidar, svarar 27-åringen, og held fram:

– LO-bygget ligg bak han. Det er den største fagforeininga i Noreg. Altså.. Korleis skal eg forklare...

Blind date

Tesfagergish og Jensehaugen møttest for første gong i mai 2014. Det var nesten som ein blind date, ifølgje Jensehaugen.

– Vi treftest på Røde Kors-huset, og vi visste ingenting om kvarandre. Eg var ganske spent, seier han.

LES OGSÅ: Les den rørande historia om korleis Rania Maktabi opplevde å kome til Norge for 36 år sidan

Tesfagergish kom til Noreg 20. januar 2013. Etter nokre månadar på asylmottak, vart han plassert i bufellesskap på Holmlia.

Der spurde han rettleiaren sin i Nav om ho kunne hjelp han å kome i kontakt med nordmenn. Ho søkte om flyktningguide frå Røde Kors.

– Helge var den første nordmannen eg kunne snakke med. Då opna mange dører seg, seier den eritreiske 26-åringen.

Helge og Yohannes besøker kvarandre ofte, også etter at guideforholdet er over. Eritrearen brukar mykje av fritida si på å male. Foto: Erlend Berge.

For mange vil hjelpe

Røde Kors koplar flyktningar som har fått opphald i Noreg med ein frivillig guide som kjenner lokalsamfunnet godt. Møta mellom flyktningguide og flyktning skal vere uformelle og dei skal ikkje koste noko.

I fjor spurte Vårt Land 1.000 nordmenn om dei var villige til å stille opp som guidar. Heile 57 prosent sa ja.

I dag er det om lag 145 guidar i Oslo som har blitt kopla med ein flyktning. Mange ventar på å kome i gang.

– Det er framleis mange som ynskjer å bli flyktningguide, men no har vi ikkje behov for fleire. Ein periode tok vi inn berre menn, den komande månaden tek vi ikkje imot nokon, seier leiar for flyktningguidane i Røde Kors Oslo, Himashi Patel.

– Har de opplevd det tidlegare – at for mange vil bli guidar?

– Ja, det var veldig mange kvinner på eit tidspunkt. Vi har alltid hatt behov for fleire menn, for dei fleste blir kopla med ein flyktning av same kjønn. Men no har også mennene kome etter, seier Patel.

LES FLEIRE SAKER OM FLYKTNINGAR I NOREG HER!

Men det gjeld ikkje heile landet. Av dei 1.600 flyktningguidane landet rundt, er mange unge kvinner under 30 år.

– Sidan det er flest unge menn som vert busette i norske kommunar, skulle vi gjerne hatt fleire unge mannlege guidar som melder seg, seier seniorrådgjevar i Røde Kors, Annette Sørlie Stray.

Då er kom hit, trudde eg at eg skulle vere ein eritrear for alltid. Men gløym Eritrea, eg vil bli norsk, sier Yohannes Tesfagerish. Foto: Erlend Berge.

Frå guide til ven

Kaffimaskina durar på Kulturhuset. Musikk blandar seg med lyden av småprat og latter. Det er nesten fullt hus.

Tesfagergish har funne sukker til kaffien. Det må han ha, seier han. Han og Jensehaugen har gått mykje på kafé.

– Dei første gongane vil ein gjerne finne på nokre morosame aktivitetar, så det ikkje blir keisamt. Men etter kvart blir ein meir trygg og komfortabel og finn på mykje rart, seier Jensehaugen, som er utdanna historikar.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Kaféturar, fotballspeling på Hovedøya om sommaren, samtalar om musikk, utdanning, historie og kultur. Slik skildrar Tesfagergish møta med sin flyktningguide.

– Eg likar reggae, han likar rock. Men eg vart kjend med rock gjennom han då eg kom til Noreg, og no er eg glad i ACDC, smiler Tesfagergish.

– Må gå begge vegar

Dei inviterte kvarandre heim til seg tidleg. Jensehaugen vart kjend med eritrearane som Tesfagergish budde med då.

– Eg kjende ingen eritrearar frå før. Eritrea er liksom ikkje eit land ein dreg på ferie til, seier han.

– Det er ikkje berre eg som har opna dører for Yohannes. Eg har også fått mykje ut av det. Integrering må gå begge vegar, meiner 27-åringen.


Møtet med Helge gjorde meg trygg. Men det er framleis mykje eg ikkje forstår

– Yohannes Tesfagergish, flyktning frå Eritrea


Møtet med Tesfagergish var hans første erfaring som flyktningguide. I dag er han guide for ein mann frå Somalia.

– Eg håpa at det skulle bli eit venskap – at vi treffast berre for å treffast, ikkje fordi vi kjenner oss forplikta. Det fekk eg og Yohannes til, og det føler eg skjer med han eg er guide for no også, seier Jensehaugen.

Yohannes er veldig glad i musikk. Spesielt reggae. – Men gjennom Helge har eg blitt kjend med rock, og no liker eg ACDC, seier han. Foto: Erlend Berge.

Mykje nytt å lære

I byrjinga var alt i Noreg rart for eritrearen. Meir enn alt var det vanskeleg å snakke med folk. Han kjende seg ikkje trygg nok. Møta med Jensehaugen vart svært viktige.

– Utan rettleiing er det lett å forsvinne. Du mistar deg sjølv. Men eg var heldig og fekk hjelp tidleg, seier Tesfagergish.

Norsken sit godt.

– Helge hjelpte meg mykje med språket. Han måtte vere som ein lærar i første klasse, ler 26-åringen.

– Gjorde møte med Jensehaugen det enklare å ta kontakt med andre?

– Ja, det gjorde at eg kjende meg trygg. Men sjølv om eg fekk sjansen til å møte han, er det framleis mykje eg ikkje forstår. Som det vi snakka om i stad...

Han ser på kameraten, som smiler. Dei hadde prata om TV-serien Skam, som går på NRK. Tesfagergish har sett den med dei han bur saman med.

LES OGSÅ: FN ropar varsko – flest kvinner og barn over Middelhavet

Serien følgjer ei jente på vidaregåande, og den gir eit innblikk i norsk ungdomskultur.

– Eg har skifta heile tankegangen min etter at eg kom til Noreg. Ideologi, reglar, kultur – alt er heilt motsett her, seier Tesfagergish og tek seg til hovudet med eine handa.

– Noko må eg kansellere, noko må eg byte ut. Det hadde vore vanskeleg å halde fram som vanleg eritrear her.

– Er det vanskeleg å endre tankegang på denne måten?

– Ja. Men eg aksepterer det.

Vanskeleg tid

Då Tesfagergish var med i introduksjonsprogrammet for flyktningar, fekk han hjelp med det meste.

No har det slutta å kome brev frå Nav i posten. Han må greie seg heilt på eiga hand.

– Eg har det bra, men når det gjeld politi, Nav, og sånne ting... Eg likar ikkje avtalar, seier han.

– I Noreg er alle veldig presise. Det er vanskeleg for meg. Eg vil vere fri, men her er det veldig...

26-åringen hevar og senker hendene, taktfast.

– Strengt?

– Ja, seier han og ler.

Foto: Erlend Berge.

Menneska bak tala

27-åringen er no gruppeleiar for fleire flyktningguidar i Oslo Røde Kors. Han engasjerte seg fordi han ville fylle fritida si med noko meiningsfullt.

– Eg har alltid vore interessert i andre kulturar. Eg var diplomatbarn, så eg vaks opp mykje i utlandet, fortel han.

LES OGSÅ: Flyktning i Serbia: – Vi har berre 60 euro – er det nok til å fullføre reisa?

Jensehaugen trur mange nordmenn har sterke meiningar om flyktningar, utan at dei nødvendigvis har treft nokon av dei.

– Det er det eg tykkjer er så fint med å vere flyktningguide. Då får du møte menneska bak tala.

– Kva utfordringar kan ein møte som guide?

– Tidsspørsmålet, som Yohannes var inne på, kan vere litt problematisk. Det har eg ikkje opplevd sjølv, men høyrt frå andre. Elles kan nok språket også vere ei utfordring, trur han.

Ei kontrakt

Tilbake til statuen på Youngstorget. Jensehaugen prøver å forklare.

– LO representerer arbeidarar. Dei passar på at arbeidarane får dei rettane dei skal ha.

Tesfagergish har lært om dette i samfunnskunnskap, men hugsar ikkje alt. No går han på vaksenopplæring på ein skule på Sinsen i Oslo.

– Det gjer det trygt for arbeidarane, spør han.

Jensehaugen nikkar. Tesfagergish smiler. Dei møtest framleis ofte, sjølv om guideforholdet er over.

– Å ha flyktningguide er som ei kontrakt, seier eritrearen.

– Han får noko frå meg, eg får noko frå han. Om det går bra, så kan du halde fram med livet i Noreg. Om det ikkje går bra, så har du mista sjansen.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje