– Eg skal ikkje forskottere eit vedtak, men eg har snakka med så mange i det siste om dette at eg har ei aning om kva veg det ber, seier ordførar Mathias Råheim (H) til Firda.
I 2012 var det seks kommunar i Sogn og Fjordane som framleis hadde ei ordning med konfirmasjonsundervisning i skuletida. Ordninga er omstridd, men ho har støtte i kyrkjelova dersom «særlige grunner tilsier det og kommunen har gitt sitt samtykke».
LES MEIR: Let kyrkja bruke skuletimar på konfirmasjon
Human-Etisk Forbund klaga
Ifølgje Firda blir Gaular truleg den siste kommune i fylket avsluttar ordninga. Avisa skriv at Askvoll, Fjaler og Jølster gjorde sluttvedtak i 2013, medan Gloppen gjorde det same no i juni. I Flora har kyrkja sjølv valt å leggje konfirmantundervisninga utanom skuletida.
Bakgrunnen for avviklinga i Gaular, er ei klage frå Human-Etisk Forbund i Sogn og Fjordane, som meiner dagens ordning er i strid med lova. Det avviser sokneprest Frode Skeide, som likevel ikkje vil kjempe mot ei endring:
– Nei, eg held meg til det som kommunen til ei kvar tid vedtek. Men eigentleg trur eg langt dei fleste er godt nøgde med å ha det slik det er, for dermed kolliderer vi ikkje med nokon ting, seier han til Firda.
LES MEIR: Humanetikarar ueinige om religionskritikkens plass
Ikke kjempeviktig for KrF
KrFs Norunn Lunde Furnes seier at det ikkje er kjempeviktig for partiet å behalde konfirmantundervisinga i skuletida.
– Det eg kan tenkje meg, er å høyre kva ungdommane sjølve meiner, og kva kyrkja meiner. Det var utgangspunktet vårt sist saka var oppe og, og som førte til at vi røysta for å behalde det, seier ho til lokalavisa.