Kultur

Sex i solnedgang

Eit samfunn som dyrkar den perfekte kroppen, er eit samfunn utan sjelsdjup.

«Snart er vi alle pornostjerner», sa den britisk-amerikanske sosiologiprofessoren Gail Dines då ho besøkte Noreg i førre veke. I eit intervju med Stavanger Aftenblad langa ho ut mot populærkulturen, der bodskapen i alt frå musikkvideoar til reklameplakatar er at kvinna er villig så lenge mannen er tøff nok til å ta det han vil ha. «Populærkulturen har overtatt mykpornoens formspråk,» sa Dines. «Kvinner og jenter blir syke av å forholde seg til reklamens og populærkulturens bilder. Kroppen skal være perfekt på en måte ingen klarer å oppnå. De unge kvinnene skal være sexy i alle sammenhenger, de skal by seg frem og hele tiden være attraktive. Kropp er ikke lenger noe vi har, men noe vi skaper.»

Det er vel verdt å lytte til det Dines, som er ein av verdas fremste forskarar på pornokultur, seier. At samfunnet i aukande grad er seksualisert, er noko det er uråd å ikkje legge merke til. Det slår inn over alt, og skaper eit umenneskeleg press både på ungdommar og vaksne. Kvinner skal helst sjå ut som jenter, mens jenter skal sjå ut som kvinner. Både gutar og menn skal sjå ut som om dei når som helst kunne stilt opp i noregsmeisterskap i fitness.

Kropp 2.0. Problemet er at det ikkje lenger handlar om å ha ei sunn sjel i ein sunn kropp, gjerne veltrena kropp, for den del. Trening og fysisk fostring er i dei aller fleste tilfelle eit gode for både menn og kvinner. Men med det nye, seksualiserte kroppsidealet – Kropp 2.0 – held det ikkje å trene og ete naturleg. Mange går til det drastiske skrittet å legge kroppen under kniven, og det finst nær sagt ingen grenser for kva ein kan fikse på, frå nasegrev til kjønnslepper.

Felles for mange av dei som fiksar på seg sjølv, er at dei har ei oppfatning om at dei gjer det for «sin eigen del». Bloggaren Emilie «Voe» Nereng var inne på den same tankegangen då ho vart intervjua av VGTV nyleg. Nereng har bestemt seg for ikkje å fikse på utsjånaden, og skal ha kred for det. At bloggaren likevel kjenner på eit slikt behov, seier noko om kor vilt kroppspresset er blitt i dag.

Lettkledd standard. ­Populærkulturen har i høgste grad vore med på å skape dette presset. Både ­glamour- og realitykjendisar har bygd seg opp på kroppseksponering. Internasjonale popstjerner som ­Rihanna, Beyoncé og ­Miley Cyrus har gjort det same. Innan enkelte musikksjangrar, også i Noreg, er det «ein del av greia» å spele på sex. Den lettkledde kroppen er blitt ein standardrekvisitt.

Den norske popartisten Gabrielle kritiserer dette kroppshysteriet i den nye musikkvideoen sin, «5 fine frøkner». 29-åringen frå Bergen vil ­leve som popartist utan å føle seg forplikta til å ha ei seksuell framtoning. «For meg er det helt unaturlig å spille på sex, det har ingenting med musikken å gjøre,» seier ho til Dagbladet. Det burde eigentleg vere sjølvsagt, men er det likevel ikkje, så lenge det er oppsiktsvekkande nok til at ho får pressedekning på det. Vi treng mange fleire som seier det same som Gabrielle, heilt til det unaturlege – å kle av seg for å synge ein låt – blir oppfatta som unaturleg.

Myten om «sex, drugs & rock'n'roll» er ein klisjé, slik populærkulturen også står fram som proppfull av klisjear når han nyttar sex som kommersielt glide­middel. Samfunnet vårt treng neppe fleire pornostjerner. Gi oss heller tenkande menneske som kan gi oss innsikt i dei eksistensielle spørsmåla. Til desse høyrer både kropp og sjel. Men eit samfunn som dyrkar den perfekte kroppen, er eit samfunn utan sjelsdjup.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur