Odd Anders With som saman med Sør Trøndelag KrF vil fjerne vedkjenningsplikta i KrF, går no sterkt ut mot eit av dei andre utspela frå KrF-nestleiar Inger Lise Hansen: Ho tok til orde for at Vinmonopolet skal få butikkar i alle kommunar.
I eit innlegg på verdidebatt.no skriv With:
«Hvordan våger man å koble en ny politikk her til begrepet fornyelse? I en slik situasjon trenger vi ikke en reaksjonær politikk, men en solidarisk, restriktiv, faktabasert og moderne ruspolitikk. Vil Hansen at staten skal subsidiere Vinmonopolets MANGE polutsalg i småkommunene, som da vil gå med svære millionunderskudd, samtidig som dette bidrar til å øke totalkonsum og russkader?»
ENIG? UENIG? LES BLOGGEN TA DEL I DEBATTEN
Kampen om truskravet. I ei avrøysting på vl.no er det knapt fleirtal blant dei som har stemt, for at KrF skal fjerne vedkjenningskravet. Det er ogs fleirtal mot at Inger Lise Hansen skal trekkje seg som nestleiar. Gå inn og sei meininga di her.
Fjerne Hansen. Hallgeir Reiten ber Inger Lise Hansen trekkje seg som KrF-nestleiar. Han skuldar henne for å vere illojal. Ta del i debatten.
Berre gammalt gruff? Helge Simonnes utløyste debatt då han i ein leiar skreiv at det er Gammalt gruff som pregar KrF-debatten. Les og ta del i debatten.






