Nyheter

Vil ta trussamfunn som brukar vald mot barn

Inndra statsstøtte. Avskilt leiar. Barneombodet vil stramme lov for å ta trussamfunn som brukar vald eller oppmodar til vald mot barn.

– Barn og unge kontaktar meg og fortel at dei er utsette for ­fysisk og psykisk vald i trussamfunn, fortel barneombod Anne Lindboe.

For å kunne yte desse betre hjelp vil ombodet stramme inn dagens lovverk, for det er ikkje tydeleg nok, meiner ho. Lindboe ber difor Kulturdepartementet om å endre trudomssamfunnslova slik at barn får eit mykje sterkare vern enn det dei har i dag.

– Vi må få punkt i lova som eksplisitt seier det er ulovleg å bruke vald mot barn eller oppmode til å bruke vald mot barn. I dag er ordlyden så vag at det blir vanskeleg å få straffe dei som øver vald eller seier det er greitt å bruke vald, seier Lindboe til Vårt Land.

LES OGSÅ: Erna ut mot barne-pryl

Veike krav

Barneombodet har spelt lovinnstramminga inn til Kulturdepartementet og statsråd Thorhild Widvey (H), som er livs- og trussamfunnsminister i Solberg-regjeringa.

Lindboe meiner krava som i dag blir sette til dei som skal vere prest eller forstandar i trussamfunn er for veike.

– Det er berre snakk om ­alder og god livsførsel, forklarar ombodet.

I paragraf 25 i dagens lov står dette: «Den som skal vera prest eller forstandar i registerført trudomssamfunn, må ikkje vera under 23 år og ikkje over 75 år. Han må liva eit heiderleg liv og ha evne til å gjera sine skyldnader etter lova.»

– Kva bør inn her?

– Det bør inn eit tydelegare krav om at prestar eller forstandarar pliktar å følgje norsk lov, ikkje berre lov om trudomssamfunn. Lovverket i dag er for snevert og gjev for lite plass til sanksjonar.

LES OGSÅ: – Går ikke an å rise barn i kjærlighet

På same måte meiner barneombodet at dagens lovverk må bli tydelegare når det kjem til sanksjonar.

– Det må seiast tydeleg; dersom det oppmodast til ulovlege handlingar, blir støtte dregen inn og forstandarar blir fråteken godkjenning, forklarar Lindboe.

Dagens ordlyd

I dag lyder paragraf 21 slik: «Er vilkåra for registerføring ikkje lenger oppfylde, eller forsømer eit trudomssamfunn lovsette gjeremål, skal fylkesmannen gjeva trudomssamfunnet skriftleg åtvaring og frist til å retta på det som vantar. (...) Fylkesmannen kan straks stryka trudomssamfunnet, når det er gjort serleg grove mistak eller forsømingar.»

Og paragraf 27: «Forsømer ein prest eller forstandar i registerført trudomssamfunn sine gjeremål etter føresegner gjevne i eller med heimel i lov, skal fylkes­mannen gjeva han skriftleg åtvaring og varsla styret i trudomssamfunnet. Vert det ikkje slutt på vanhøvet eller er teneste­skyldnaden forsømd på sers ­alvorleg vis, kan fylkesmannen taka frå honom retten til å gjera preste- eller forstandarteneste.»

Brukte tukt

Barneombodets engasjement for ein strammare­ lov er tufta på særleg ei fersk sak og på meldingar ho får inn til kontoret.

I februar melde Vårt Land at trussamfunnet Kilden Menighet Jæren hadde dette punktet i truvedkjenninga:

«Fysisk tukt (som må utøves kontrollert og i kjærlighet) er ­bibelsk. Konsekvensene kan bli fatale dersom foreldrene ikke irettesetter og tukter barna sine, eller om barna forakter tukten.»

LES OGSÅ: Kritiserer ­kristentoppene for taushet om vold

Asbjørn Berland, barnefar og leiar av Kilden Menighet Jæren, forklarte punktet slik:

– Dersom ein unge får oppleve lett smerte når han er ulydig og dette skjer gong etter gong, trur vi ungen vil slutte å gjere det som er feil, sa han.

Barneombodet var svært usamd:

- Dette er svært alvorleg. All vald mot barn i Norge er ulovleg, sa Lindboe og melde forsamlinga til politiet.

Etter kort tid tok Kilden Menighet Jæren vekk punktet om tukt i truvedkjenninga.

Psykisk vald

Anne Lindboe fortel at barn og unge tek kontakt med ombodet og fortel om det ho kallar «rystande opplevingar».

– Dei fortel at dei er utsette for fysisk og psykisk vald i trussamfunn, særleg psykisk vald.

– Kor mange er det snakk om?

– Dette er ikkje ei stor gruppe. Men eg ser svært alvorleg på meldingane eg får inn, og 
er bekymra­ for at det er store mørketal.

LES OGSÅ: Endret trosbekjennelse om barnetukt

Vil ha betre tilsyn

– Dagens kontroll som blir utført av fylkesmennene er for overfladisk, seier Anne Sender.

Ho er sekretariatsleiar i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) som femner 14 ulike trus- og livssynssamfunn - med andre ord Norges breiaste trus- og livssynsforum.

Når barneombod Anne Lindboe vil ha strammare trudomssamfunnslov, får ho støtte frå Sender når det kjem til innsyn.

– I dag er det for det meste snakk om godkjenning av nye samfunn, utbetaling av statsstøtte­ og kontroll av medlemslister. Men dette er ikkje nok. Vi treng eit betre tilsyn med kva som blir praktisert i trussamfunna­, kva lære dei tuftar verksemda på, slik at ikkje nedverdigande behandling av sårbare grupper, stigmatiserande forteljingar og haldningar til «dei andre» blir reproduserte i nye generasjonar, seier Sender.

Ho meiner mange trussamfunn kan bli langt meir opne enn dei er i dag:

– Forstandarar og leiarar bør vise fram fundamentet dei står på.

– Kven skal få ansvaret for det forsterka tilsynet, fylkesmennene?

– Ja, kanskje fylkesmennene­ både kan og bør gjere meir, men då i eit opplegg utarbeida i ­samarbeid med trussamfunna. I tillegg må «det store vi» bry oss meir om kva som blir forkynt i trussamfunna, seier Sender.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter