– Det har aldri tidligare vore brukt så mykje pengar i Norge på ei tobakkskampanje. Men det er heilt naudsynt, og det er utruleg viktig for folkehelsa, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i ei pressemelding.

Fleire røykfrie område. Regjeringa vil i haust presentere ein ny strategi for det tobakksførebyggjande arbeidet dei neste fem åra. Ny kampanjesatsing vert sentralt i denne strategien.

Helseministeren varslar at det samtidig vil kome endringar i tobakksskadelova for å avgrense barns tilgong til tobakksvarer, gjere fleire arenaer røykfrie og styrke vernet mot passiv røyking.

Nøgde. Astma- og allergiforbundet er nøgde med budsjettforslaget.

– Vi ønskjer desse tiltaka hjarteleg velkomne. Dette er heilt i tråd med det Verdas helseorganisasjon (WHO) tilrådde i 2010, seier seksjonsleiar Anne Elisabeth Eriksrud til Vårt Land.

– Tilgjenge viktig. Generalsekretær Anne Lise Ryel i Kreftforeningen trur at dette kjem til å ha ein positiv innverknad på førebyggingsarbeidet, men meiner sterkare skyts må til for å kome røykinga til livs.

– Det blir nok viktig å sjå på tilgongen, og vurdere om det skal innførast eit forbod mot å røyke på offentlege plassar. Fleire land i Europa er tidlegare ute enn Noreg på dette området, og i desse landa har slike tiltak hatt god effekt, seier Ryel til Side2.

Kvart år døyr nærmare 7.000 menneske som følgje av tobakksrelaterte sjukdomar, som kols og lungekreft.