Nyheter

Vil ha gratis barnehage

Skule og universitet er gratis. Kutt betalinga i barnehagen også, så blir færre skuletaparar og fell ut av samfunnet, meiner banksjef.

– Gjer vi barnehagen betre – og gratis, så vil endå fleire klare å gjennomføre eit utdanningsløp og få ein yrkeskarriere, og vi får færre på trygd, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth til Vårt Land. Han leiar Sparebanken Vest, eit av Norges største bankkonsern.

Forskjells-Norge er synleg på ei rekkje område. Eit av dei er utdanning. Kartleggingar viser at heile ein av tre unge klarar ikkje å fullføre vidaregåande opplæring i løpet av ein femårsperiode.

Mange av dei som ikkje kjem gjennom det 13 år lange utdanningsløpet, endar på trygd eller får dårleg betalte jobbar fordi dei manglar formell utdanning. Samla kostar fråfallet Norge dyrt:

Vel fem milliardar kroner per årskull – auka trygdeutgifter og tapte skatteinntekter frå personar med dårleg betalte jobbar, viser ein studie frå NTNU.

– Må ikkje bli obligatorisk

Barnehagelærar Eivor Evenrud vil som banksjefen ha fleire pedagogar og færre barn per barnehagelærar. Men forslaget om å kutte foreldrebetalinga heiar ho ikkje fram:

- Skulle barnehagen bli gratis, kan lett motkravet bli at han må bli obligatorisk. Dit vil vi ikkje. Foreldre skal framleis velje om dei vil bruke barnehagen.

Evenrud har lang røynsle frå barnehagen og har i ti år vore pedagogisk leiar. Som Kjerpeseth i Sparebanken Vest er ho viss på at det som blir investert i barna medan dei går i barnehagen, vil kaste godt av seg når dei blir eldre. Ho ser det same som banksjefen; det er særleg to grupper barn som i langt større grad burde kome til barnehagen.

- Vi snakkar om dei som veks opp i låginntekstfamiliar og dei som har foreldre med minoritetsbakgrunn.

Evenrud meiner den blåblå regjeringa bør gjere det den raudgrøne ikkje klarte, fjerne kontantstøtta.

- Altfor ofte opplever eg dette: Foreldre får eit tredje eller fjerde barn. Då tek dei ut eldstebarnet frå barnehagen, som kanskje er fem år, for å vere heime med kontantstøtte for dei yngste barna.

Evenrud meiner dette er «svært uheldig». Difor meiner ho det er bra at regjeringa no ønskjer å gje låginntekstfamiliar inntil 20 timar gratis barnehage i veka for 4- og 5-åringar.

- Best av alt ville vore gratis heildagsplassar for dei eldste barna, men dette er eit steg i rett retning.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Lovar avkastning

Som banksjef – og som far til to på fire og seks år – har Jan Erik Kjerpeseth brukt tid på å lese norsk forsking om samanhengen mellom barnehage og yrkesliv. Økonomen ber regjeringa tenkje heilt nytt ved å satse pengar på noko han trur vil gje høg avkastning på sikt:

– Dropp foreldrebetalinga, gjer barnehagen gratis. Styrk den pedagogiske bemanninga, sats på betre innhald, seier Kjerpeseth, og held fram:

– I dag må foreldre betale for barnehagen medan grunnskule, vidaregåande, høgskular og universitet er gratis. Her møter vi eit stort paradoks. Gratis universitetsutdanning er ei investering i dei som allereie har gjort det godt på vidaregåande.

– Kva effekt vil gratis barnehage få?

– Dersom vi samstundes styrkjer innhaldet i barnehagen, vil mange fleire få eit godt grunnlag for å kome gjennom utdanningsløpet som ventar. Konkret vil vi få ned fråfallsprosenten i vidaregåande, og når fleire fullfører, vil fleire også gå vidare til høgare utdanning. Dermed får vi kvalifiserte arbeidstakarar som skal vere med å utvikle Norge vidare; vi held oppe høg yrkesdeltaking, noko som vil vere naudsynt.

Vestledningen Kjerpeseth, frå Svelgen i Sunnfjord, seier det slik:

– Dersom vi aukar investeringa i ungane i dei første leve- og læreåra, vil fleire få oppleve å ha vinden i ryggen i vaksen alder.

To grupper

– Kva skal gjere barnehagen betre?

– Barnehagen skal ikkje bli ein skule. Men vi treng fleire pedagogar, vi må få til tidlegare læring, seier Kjerpeseth – og ber regjeringa sjå til Danmark. Her er minstekravet éin pedagog per sju ungar.

– Her heime er ambisjonsnivået vesentleg lågare. Vi krev éin pedagog per 18 ungar – som er 3 til 5 år.

Banksjefen er heilt sikker etter studier av nyare norsk forsking:

– Jo betre fundament frå barnehagen, dess større læringsutbytte på skulen og på universitetet.

– Er det grupper av barn som særleg treng å kome til ein gratis barnehage?

– Ja. Her er det særleg to grupper som vil nyte godt av gratis barnehage, barn med minoritetsbakgrunn og barn som har foreldre med låg inntekt.

Vern mot trygd

Sjefen i Sparebanken Vest meiner at professor Mari Rege og førsteamanuensisane Tarjei Havnes og Magne Mogstad viser fram effekten av gratis barnehage. Dei to sistnemnde var ansvarlege for den første norske studien av langtidseffektane av den store barnehageutbygginga på 1970-talet. Dette fann dei:

• Utbygginga av 17.500 nye barnehageplassar førte til om lag 6.000 år ekstra utdanning.

• Sjansen for at elevar fullfører vidaregåande skule er 6 prosentpoeng høgare per barnehageplass.

• Sjansen for å ta universitetsutdanning auka med 7 prosentpoeng per barnehageplass.

• Effekten på utdanning er størst for barn av mødrer med låg utdanning.

• Sjansen for å bli stønadsmottakar i vaksen alder blei vesentlig redusert som følgje av barnehageutbygginga.

Studien til Havnes og Mogstad dokumenterer at barnehagedeltaking gjorde at fleire fullførte vidaregåande, tok høgare utdanning, lukkast i arbeidslivet - og at færre mottok trygdeytingar.

Større utbytte

I seinare år har professor Mari Rege publisert forsking som fortel at ikkje noko er meir lønnsamt for samfunnet enn å investere i gode barnehagar. For, som ho understrekar, barn må få viktig bagasje med seg frå barndommen, dei må gjevast like vilkår - skattesystem og velferdstilbod blir berre reperasjonar i etterkant. Ho peikar på at dei som utviklar godt språk som toåring, lærer mykje meir som fireåring, dei som lærer sjølvkontroll og evnar å følgje med, får større læringsutbyte i seinare utdanningsløp.

Kjerpeseth i Sparebanken Vest meiner fleire bør ta inn over seg det Perspektivmeldinga Stoltenberg-regjeringa la fram i 2013 seier om sosial mobilitet:

Er du barn av foreldre frå den lågaste inntektsklassa, er det dobbelt så sannsynleg at du sjølv vil høyre til same klasse som vaksen.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter