– Vi vil skrive noregshistorie

Initiativtakaren for måndagens Pegida-marsj i Oslo blir nøgd om berre 20 menneske møter opp. For dette er berre byrjinga, seier han.

– Det er mange som beklagar at dei ikkje kan kome, fordi dei bur for langt unna. Då er mitt svar: Organisér lokale marsjar, seier initiativtakar til måndagens Pegida-marsj i Oslo, Max Jarl Hermansen.
Publisert Sist oppdatert

– Eg trur det kjem mellom 20 og 200 menneske, seier initiativtakar og tidlegare lærar Max Jarl Hermansen (55) om marsjen måndag kveld.

Pegida står for Patriotiske europearar mot islamiseringa av Vesten. Protestrørsla har fått mykje merksemd etter å ha arrangert store demonstrasjonar i Tyskland kvar veke sidan oktober i fjor. På det meste samla dei 18.000 menneske i Dresden.

– Nå skal vi marsjere kvar måndag, på ubestemt tid, seier Hermansen, som trur at hendingane i Frankrike førre veke vil bidra til å styrke oppmøtet.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS