Edenbrandt måtte heim til Sverige for å få arbeid etter Bærum-saka der han «vart kjøpt ut» av sitt eige sjukehus. Han er tredje ut i ein intervjueserie i Vårt Land om Bærum-saka ti år etter.
LES OGSÅ: Høybråten: ‘Ikkje døm folk etter mediebiletet’
Edenbrandt seier han var svært letta då Helsetilsynet i april 2002 konkluderte med åtvaring til Ottesen og at han sjølv fekk varslar-status.
– Eg kunne ikkje gå vidare før dette hadde skjedd, seier Edenbrandt.
I Sverige vart han leiar i foreininga for lindrande medisin i år 2000 og var det i tre år. Det tillitsvervet fekk Edenbrandt eitt år før han fekk arbeid: I 2001 fekk han jobb innan fagfeltet lindrande medisin i Skåne. I 2005 vart han sjef for seksjonen for lindrande behandling, med kring 100 tilsette, på universitetssjukehuset i Malmø. Frå 1. januar i år høyrer seksjonen til det samanslegne sjukehuset i Lund og Malmø: Skåne Universitetssjukehus. Han har enno ikkje lese boka til Anne Alvik, men er spent på å lese om kvifor ho kjende seg så pressa.
Retningsliner. Sverige er prega av ei komande rettssak mot ein barnelege som er tiltalt for å ha teke livet av eit for tidleg fødd barn med ein overdose av narkosemiddel. I denne saka er Edenbrandt blitt beden om å seie sitt syn. Saka skal opp over sommaren.
I Sverige har Edenbrandt i Läkarselskapet stått oppe i arbeid med å lage retningsliner for lindrande sedering, metoden frå Bærum-saka. Slike retningsliner fekk Noreg i 2002, etter Bærum-saka.
– Spørsmålet er om ein skal ha lov til å sedere ned folk berre på grunn av liding og ikkje på grunn av smerte. Folk tenkjer at «han eller ho skal likevel døy, det er betre å døy enn å lide», seier Edenbrandt og legg til:
– Eg vart vanskeleg i Bærum-saka ved at eg stilte slike spørsmål. Eg er også blitt litt vanskeleg her i Sverige fordi eg set fingeren på det ømme punktet: Eit menneske har det same verdet i sluttfasen av livet, seier Edenbrandt.
I Sverige er det krefter som vil ha meir liberale reglar for lindrande sedering. Men Edenbrandt har på vegne av foreninga skrive eit høyringssvar: Han er uroleg for at bruken av metoden skal utvidast.
Han åtvarar sterkt mot å bruke medisin mot eksistensiell liding, mot at folk opplever seg som ei bør for andre. Han minner om at Legeforeninga her i landet avviste lindrande sedering mot eksistensiell liding.
Sjekkar pusten. – Godtek du lindrande sedering?
– Ja, vi praktiserer det. Men det må handterast profesjonelt og vurderast ut frå fordelar og farar. Vi brukar det for å lindre symptom. Vi kontrollerer dosar og sjekkar pusten. Vi vekkjer pasientane og spør korleis det går. Det var ikkje profesjonelt av Ottesen å setje i gang behandlinga og følgje opp på telefon frå Roma, seier Edenbrandt og legg til:
– Lindrande sedering kan bli aktiv dødshjelp, difor er grenseoppgangen viktig, og det var viktig at saka kom opp. Praksisen må vere open og noko legane kan stå for. Dersom vi gjev for mykje, blir dette anestesi og pasienten sluttar til slutt å puste. Ottesen gav hovudpasienten i Bærum-saka aukande dosar til ein medvitslaus pasient. Difor meiner eg framleis at dette var aktiv dødshjelp.
LES MEIR AV INTERVJUET I PAPIRAVISA OG FØLGE INTERVJUSERIEN






